Luksus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
'Gut tilbyr druer til ei kvinne'. Måleri frå ca. 1675–82 tillagt Maria Schalcken.

Luksus (frå latin luxus) viser til noko som er særs flott, overdådig eller ettertrakta. Det kan gjelda overdriven prakt, ein livsstil som er prega av nyting og overflod, eller tenester, forbruk og materielle tilhøve som går ut over det som er rimeleg eller strengt nødvendig.[1][2] Omgrepet kan omfatta luksusvarer som dyre bilar, klokker og andre kostbare og eksklusive forbruksartiklar i tillegg til luksuseigedommar og luksusvanar.

Det franske uttrykket de luxe kan brukast om luksus og det som er i særklasse.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Luksus