Luktelk
| «Luktelk» Song av Silvester Belt | ||
| Land | Litauen | |
| Språk | Litauisk | |
| Utgjeve | 11. januar 2024 | |
| Sjanger | Pop, elektronisk[1] | |
| Lengd | 02:41 | |
| Selskap | OpenPlay | |
| Komponist | Jessica Shy, Silvester Belt | |
| Tekstforfattar | Jessica Shy, Silvester Belt | |
| Låtskrivar(ar) | Džesika Šyvokaitė, Elena Jurgaitytė, Silvestras Beltė[2] | |
|---|---|---|
«Luktelk» (norsk omsetjing ‘vent’) er ein song med den litauiske artisten Silvester Belt[3]. Songen blei gjeven ut 11. januar 2024, men blei fyrste gong framført 13. januar 2024 under songtevlinga Eurovizija.LT. Songen vann tevlinga og var det litauiske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.[4]
Om songen
[endre | endre wikiteksten]«Luktelk» er ein litauiskspråkleg elektropoplåt som er skriven av {Silvester Belt, saman med Džesika Šyvokaitė og Elena Jurgaitytė, og produsert av Karolis Labanauskas og Linas Strockis.[5] I eit intervju snakka Beltė om korleis låten blei til: «vi sette oss ned for å skrive, og ideen kom opp om at det ville vore interessant å prøve oss på Eurovision-scena, så vi bestemte oss for å skrive ein song berre for dette eventyret».[6]
«Luktelk» har blitt skildra som en poplåt med element av elektronisk musikk og er inspirert av dei tidlegare litauiske Eurovision-bidraga «Sentimentai» og «Stay», som har tekst på litauisk.[6][7] Beltė avslørte at teksten var skriven med «hensikt at konsonantane skulle likne andre ord på andre språk», slik at songen var «enklare og meir forståeleg for utlendingar».[8]
Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]I desember 2023 kunngjorde den litauiske ålmennkringkastaren Lietuvos nacionalinis radijas ir televizija (LRT) at «Luktelk» var blant bidraga i songtevlinga Eurovizija.LT 2024.[9] Vinnaren av Eurovizija.LT 2024 fekk representere Litauen i Eurovision Song Contest 2024.
«Luktelk» deltok i den fyrste delfinalen 13. januar 2024 og kvalifiserte seg til finalen laurdag 17. februar 2024.[10] I finalen gjekk songen vidare til superfinalen og vann til slutt heile tevlinga, etter å ha fått flest sjåarrøyster.[11] Gjennom sigeren blei «Luktelk» det litauiske bidraget til Eurovision Song Contest 2024.[12]
Litauen deltok i den fyrste semifinalen tysdag 7. mai i Malmö. Der blei «Luktelk» nummer fire og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mai.[13][14][15] I finalen kom låten på 14. plass med 90 poeng.[16][17]
Listeplasseringar
[endre | endre wikiteksten]| Liste (2024) | Høgaste plassering |
|---|---|
| Hellas Internasjonal (IFPI)[18] | 32 |
| Latvia (LAIPA)[19] | 10 |
| Litauen (AGATA)[20] | 1 |
| Sverige (Sverigetopplistan)[21] | 83 |
| UK Indie Breakers (OCC)[22] | 20 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Lithuania picks Silvester Belt to go to Eurovision». lrt.lt. Lithuanian National Radio and Television. 18. februar 2024. Arkivert frå originalen 17. februar 2024. Henta 18. februar 2024.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ «Lithuania picks Silvester Belt to go to Eurovision». lrt.lt. LRT. 18. februar 2024. Henta 18. februar 2024.
- ↑ «Luktelk - song and lyrics by Silvester Belt». Spotify. Henta 18. februar 2024.
- 1 2 «Dainininkas Silvester Belt pristato eurovizinį kūrinį „Luktelk“: prisidėjo ir populiarioji Jessica Shy» [Singer Silvester Belt presents the Eurovision song "Luktelk": the popular Jessica Shy also contributed]. lrt.lt (på litauisk). LRT. 12. januar 2024. Henta 20. februar 2024.
- ↑ «Į „Euroviziją“ Lietuva siunčia Silvester Belt» [Lithuania sends Silvester Belt to Eurovision]. lrt.lt (på litauisk). LRT. 17. februar 2024. Henta 20. februar 2024.
- ↑ «Lietuvos atstovas „Eurovizijoje“ Silvester Belt – apie nepasitikėjimą savimi ir motyvuojantį žmonių palaikymą» [Lithuania's Eurovision representative Silvester Belt - about self-doubt and motivating people's support]. lrt.lt (på litauisk). LRT. 19. februar 2024. Henta 20. februar 2024.
- ↑ «Lithuania 2024: 'EUROVIZIJA.LT' participants and details released». eurovision.tv. European Broadcasting Union. 19. desember 2023. Henta 18. februar 2024.
- ↑ Juršėnaitė, Eimantė (13. januar 2024). «Du EUROVIZIJA.LTdalyviai jau užsitikrino vietą atrankos finale: vakaro favoritas – Silvester Belt» [Two EUROVIZIJA.LTparticipants have already secured a place in the selection final: the favourite of the evening – Silvester Belt]. lrt.lt (på litauisk). LRT. Henta 19. februar 2024.
- ↑ Conte, Davide (17. februar 2024). «Lithuania: Silvester Belt to Eurovision 2024». Eurovoix News. Henta 18. februar 2024.
- ↑ «Congratulations Silvester: From Lithuania's 'Eurovizija.LT' to Eurovision». eurovision.tv. European Broadcasting Union. 19. desember 2023. Henta 17. februar 2024.
- ↑ «Eurovision 2024: Semi-Final Draw results». Eurovision Song Contest (på engelsk). European Broadcasting Union. 30. januar 2024. Arkivert frå originalen 30 January 2024. Henta 20. februar 2024.
- ↑ «Lietuvos atstovas Silvester Belt – "Eurovizijos" finale» [Lithuanian representative Silvester Belt - in the Eurovision final]. Lrytas.lt. 7 May 2024. Arkivert frå originalen 12. mai 2024. Henta 15. mai 2024.
- ↑ Vautrey, Jonathan (12 May 2024). «Eurovision 2024 semi-finals: Detailed results show Croatia and Israel won each show». Wiwibloggs (på engelsk). Arkivert frå originalen 14. mai 2024. Henta 12. mai 2024.
- ↑ «Lithuania's Silvester Belt finishes 14th in Eurovision». Lithuanian National Radio and Television (på engelsk). 11. mai 2024. Henta 15. mai 2024.
- ↑ «Grand Final of Malmö 2024 - Lithuania Grand Final Results Allocation». Eurovision Song Contest. European Broadcasting Union. Arkivert frå originalen 15. mai 2024. Henta 15. mai 2024.
- ↑ «OfficialIFPI Charts − Digital Singles Chart (International) − Εβδομάδα: 20/2024» (på gresk). IFPI Greece. Arkivert frå originalen 22. mai 2024. Henta 22. mai 2024.
- ↑ «Straumēšanas TOP 2024 – 20. nedēļa» [Streaming TOP 2024 – Week 20] (på latvisk). LAIPA. 20. mai 2024. Henta 13. juni 2024.
- ↑ «2024 4-os savaitės klausomiausi (TOP 100)» [2024 4th week's most listened to (TOP 100)]. AGATA (på litauisk). 26. januar 2024. Henta 18. februar 2024.
- ↑ «VeckolistaSinglar, vecka 20». Sverigetopplistan. Henta 17. mai 2024.
- ↑ «OfficialIndependent Singles Breakers Chart Top 100». Official Charts Company. Henta 18. mai 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Luktelk» frå Wikipedia på bokmål, den 7. desember 2024.