Lumsk strålemugg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lumsk strålemugg
Lumsk strålemugg
Lumsk strålemugg
Systematikk
Rike: Soppriket Fungi
Underrekkje: Ekte sekksporesoppar Pezizomycotina
Klasse: Kulesekksoppar Eurotiomycetes
Underklasse: Eurotiomycetidae
Orden: Eurotiales
Familie: Trichocomaceae
Slekt: Strålemuggsoppar Aspergillus
Art: Lumsk strålemugg A. flavus
Vitskapleg namn
Aspergillus flavus

Lumsk strålemugg (Aspergillus flavus) er ein saprofytt strålemuggsopp som finst i jord over heile verda.[1] Han kan infisera frøavlingar før og etter innhausting og ureina dei med aflatoksin, ei gruppe giftige og kreftframkallande stoff. Han er nærskyld Aspergillus oryzae og Aspergillus parasiticus.[2] Genetisk sett er lumsk strålemugg nesten identisk med A. oryzae, ein art som ikkje er i stand til å laga aflatoksin. Han er mogelegvis ei tamd utgåve av lumsk strålemugg.[1][2]

Lumsk strålemugg kan òg valda aspergillose i menneske og dyr; særskilt i individ med minska immunforsvar.[2] Hjå menneske ligg han berre bak grøn strålemugg (Aspergillus fumigatus) som opphav til aspergillose. Han er òg den strålemuggsoppen som mest infiserer insekt.[1]

Til liks med alle strålemuggsoppar studerte so langt, har lumsk strålemugg åtte kromosom. Han har ein genomstorleik på kring 37 megabasar og over 12 000 verksame gen.[2]

Lumsk strålemugg lagar mellom anna, som sekundære metabolittar, aflatoksin B1 og B2, aspergillsyre, aspergillomarasmin A og B, syklopiasonsyre, kojisyre, gliotoksin, sterigmatocystin og 3-nitropropionsyre.[1][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Hedayati, M.T.; A.C. Pasqualotto; P.A. Warn; P. Bowyer; D.W. Denning (2007). «Aspergillus flavus: human pathogen, allergen, and mycotoxin producer». Microbiology (153): 1677–1692. doi:10.1099/mic.0.2007/007641-0. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Amaike, Saori; Nancy P. Keller (2011). «Aspergillus flavus». Annual Review of Phytopathology 49: 107–133. doi:10.1146/annurev-phyto-072910-095221. Arkivert frå originalen 9. november 2021. Henta 3. januar 2017. 
  3. Varga, J.; Frisvad, J.C.; Samson, R.A. (juni 2011). «Two new aflatoxin producing species, and an overview of Aspergillus section Flavi». Studies in Mycology. doi:10.3114/sim.2011.69.05. 
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.