Lunckefjellet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lunckefjellet
fjell
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Reindalen, Nordenskiöld Land, Svalbard
Høgd 1 045 moh.
Koordinatar 78°00′N 16°30′EKoordinatar: 78°00′N 16°30′E

Lunckefjellet er eit fjell i Reindalen, Nordenskiöld LandSvalbard. Fjellet er 1045 moh og ligg to kilometer nordaust for Sveagruva. Nord for Lunchefjellet ligg Reindalen i nord, Marthabreen i vest, Vegbreen i sør og Lunckebreen i aust. Den nordvestlege delen av fjellet ligg innanfor Nordenskiöld Land nasjonalpark.

Store Norske Spitsbergen Kulkompani sendte 3. mars 2008 ei førehandsmelding til Sysselmannen på Svalbard om at dei ønskjer å starte gruvedrift i Lunckefjellet frå 1. januar 2013. Ifølgje selskapet er det 13 millionar tonn kol i Lunckefjellet og 10 millionar tonn kan utvinnast.

Lunckefjellet har fått namnet sitt etter den norske topografen Bernhard Luncke (1894-1963) som deltok i fleire ekspedisjonar til Svalbard og Eirik Raudes Land.