Lund-kommisjonen
Lund-kommisjonen var ein kommisjon oppretta av Stortinget den 1. februar 1994 for å granska «ulovlig eller irregulær overvåking av norske borgere» av norsk politi, tryggingsteneste eller etterretning.[1]
Kommisjonen var sett saman av høgsterettsdommar Ketil Lund (formann), advokat Regine Ramm Bjerke, professor og tidlegare politikar Berge Furre, generalmajor Torkel Hovland og likestillingsombod Ingse Stabel.[1] Kommisjonen gav ut Lund-rapporten (full tittel Dokument nr. 15 (1995–96) – Rapport til Stortinget frå kommisjonen som ble nedsett av Stortinget for å granske påstandar om ulovleg overvaking av norske borgarar), som vart presentert for Stortinget 28. mars 1996.
Reidar T. Larsen og Vegard Holm vart òg føreslått som medlemmer av kommisjonen, men dette vart avvist av eit fleirtal på Stortinget.[1] Oppnemninga av Furre var òg svært omstridd, fordi Furre i årevis hadde vore mistenkt for å ha vore agent for ei fiendtleg etterretningsteneste, Stasi, og Politiets overvakingsteneste valde difor å etterforske Furre (Furre-saka).[treng kjelde]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
Bakgurnnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Lund-rapporten arkivert ved Internet Archive
- Fire år etter Lund-rapporten Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine. av Arne Jørgensen
- Sperrer du vegen, Anne Holt? Arkivert 2005-01-30 ved Wayback Machine. av Erling Folkvord
- Rett, makt og overvåkning Arkivert 2004-12-05 ved Wayback Machine. av Erik Oddvar Eriksen
- Mappeinnsyn til besvær av Ronald Bye
- Organisasjonen mot politisk overvåkning
- Antikommunisme Arkivert 2007-12-23 ved Wayback Machine. - førelesingsnotat av Torstein Hjellum
- Hysj! - leiar i Dag og Tid