Lund i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lund
stad
Lund
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5229 KALANDSEIDET
Gardnummer 65
Wikimedia Commons: Lund, Fana

Lund er ein gard i Fana i Bergen kommune nord for Håland og Samdal ved den tidlegare grensa mot Arna.

Det er framleis gardsdrift på garden på tre av fire bruksnummer på garden.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Garden høyrte i mellomalderen til Nonneseter kloster og vart i 1528 overteken av Vincens Lunge. Lund hadde felles eigar i lag med Bontveit og Samdal fram til 1775, bortsett frå nokre år kring 1730. Garden vart delt i 1885.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Garden ligg på sørvestsida av dalen som Dyrdalselva renn gjennom, nord for Orrtua (358 moh) og Lundåsane (361 moh) og sørvest og vest for Hausdalshorga (784 moh). Garsbruka ligg heilt sør i garden, som òg strekkjer seg langt nordover forbi Rambjørnsvatnet mellom Livarden (683 moh) og Sletteggane.

Garden grensar til Unneland i nord, Øvstebø i aust, Samdal i søraust, Håland i sør, Frotveit i sørvest, Bontveit i vest og Lid i nordvest.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Lund i Bergen