Lunder kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lunder kyrkje
kyrkje
Foto: Tom Bjørnstad
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Tunsberg
Prosti Ringerike
Sokn Lunder
Fellesråd Ringerike
Type Krosskyrkje
Teknikk Tømra
Innvigd 23. september 1761
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 300
Kart
Lunder kyrkje
60°14′31″N 9°55′42″E / 60.24194444°N 9.92833333°E / 60.24194444; 9.92833333
Wikimedia Commons: Lunder kirke

Lunder kyrkje er kyrkja i Lunder kyrkjesokn og ligg ved tettstaden Sokna i Ringerike kommune. Det er ei krosskyrkje i lafta tømmer, utvendig kledd med staffpanel. Kyrkja var ei tid anneks under Hole kyrkje, men høyrer i dag inn under Norderhov prestegjeld, der Norderhov kyrkje er hovudkyrkje. Kyrkjene på Ringerike høyrer til Ringerike prosti som ligg i Tunsberg bispedøme.

Det har truleg vore kyrkje på Sokna sidan 1200-talet. Den eldste kyrkja me kjenner var ei lita stavkyrkje som vart riven tidleg på 1700-talet. Denne stavkyrkja låg om lag ein kilometer nordvest for der Lunder kyrkje står i dag. I 1706 vart det innvigd ei ny kyrkje som vart kalla «Vor Frelsers Kircke» og var ei lafta krosskyrkje som låg om lag 300 meter søraust for den gamle stavkyrkja. I slutten av 1750-åra vart kyrkja flytt dit ho no ligg. Innviinga etter gjenoppbygginga fann stad den 23. september 1761. Sidan har kyrkja vorte restaurert fleire gonger, mellom anna i 1880-åra og i 1922–1924. Kyrkja har plass til om lag 300 personar, og det er kyrkjegard ved kyrkja.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 522. ISBN 82-7527-022-7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]