Lundsæter kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Lundsæter kraftverk er eit vasskraftverk i Stord kommune i Hordaland.

Kraftverket vart opna i 1934 og gjer bruk av fallet på 111,5 meter frå Tysevatnet.

Nedslagsfeltet er på 5 km2 og tilsiget er på 12 millionar m3. Kraftverket har ein effekt på 6,4 MW med to Francisturbinar, og årsproduksjonen er 2,4 GWh.

Anlegget vart bygd av Stord kommune, men eigarselskapet Stord Energi vart i 1999 kjøpt opp av BKK, som i dag eig og driv selskapet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]