Hopp til innhald

Lunds universitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lunds universitet


MottoAd utrumque paratus, Beredd till bådadera
Grunnlagt19. desember 1666
StadLunds kommun
Studentar40 000 (2017)
MedlemskapORCID, European University Association, League of European Research Universities, Coalition for Advancing Research Assessment, European Open Science Cloud Association, Sveriges universitets- och högskoleförbund, ELIXIR Sweden, European University Alliance for Global Health
Nettstadhttps://www.lu.se (svensk)
Kart
Lunds universitet
55°42′21″N 13°11′36″E / 55.705833333333°N 13.193333333333°E / 55.705833333333; 13.193333333333

Lunds universitet (som opphavleg hadde namnet Regia Academia Carolina, Det konglege karolinske akademiet) er eit statleg universitet i Lund i Skåne i Sør-Sverige. Det vart skipa i 1666,[1] og er det nest eldste læresetet i Sverige etter Uppsala universitet i Uppsala, og eit av dei største universiteta i Norden. I mellomalderen var det òg ein institusjon for høgare utdanning i Lund før universitetet vart skipa.[2]

Universitetet har campus i Lund, Helsingborg og Malmö, og dessutan ein høgskule i Ljungbyhed for utdanning av trafikkflygarar. Universitetet samarbeidar med 600 universitet i meir enn 70 land, og tek del i dei internasjonale nettverka League of European Research Universities (LERU) og Universitas 21.

  1. «Universitetet i korthet», Lunds universitet (på svensk), 24. februar 2017, henta 7. februar 2019
  2. «Universitetets historia», Lunds universitet (på svensk), 29. november 2016, henta 7. februar 2019

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Lunds universitet