Lunds universitets historiska museum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lunds universitets historiska museum

StadLunds kommun
Skipa1805, 1845
Kart
Lunds universitets historiska museum
55°42′16″N 13°11′42″E / 55.704306°N 13.1950747°E / 55.704306; 13.1950747

Lunds universitets historiska museum, òg kalla Historiska museet i Lund, er eit arkeologisk museum som er ein part av det statlege Lunds universitet i byen Lund i Skåne i Sør-Sverige. Museet tek hand om det arkeologiske funnmaterialet frå Skåne, med unnatak for materialet frå sjølve bykjerna i Lund og for materialet frå Malmö kommun. Dessutan har museet eit regionalt ansvar for kyrkjekunst og mynt. I samlingane finst ikring ti millionar einskildgjenstandar, mellom anna funna frå dei arkeologiske utgravingane på jarnalderbuplassen i Uppåkra sør for byen.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Interiør.

Museet vart skipa i 1805 og ligg ved Krafts torg i denne gamle universitetsbyen. Opphavet til museet var ein donasjon til Lunds universitet i 1735 frå den svenske naturforskaren, legen og historikaren Kilian Stobæus (den äldre; 1690–1742) av den samlinga han hadde av naturalia og kuriositetar. Etter hans død vart den omfattande myntsamlinga hans innkjøpt til universitetet. Men på andre halvparten av 1700-talet hadde samlinga vorte så stor at museet 1802 måtte flytte til ein annan bygning. I 1805 vart samlinga delt, slik at naturalia vart samla i Zoologiska museet og Botaniska museet, medan arkeologiske og etnografiske gjenstandar danna grunnlaget for det som no vart Historiska museet, der delar av Kilian Stobæus samling no inngår i museets kuriosakabinett. I 2008 tok Historiska museet over Lunds universitets Antikmuseums samling i samband med at Antikmuseet vart lagd ned som eigen institusjon.

Museet hadde i 1918 teke i bruk sin noverande bygning, Lundagård, som var oppført i 1840-45. Arkitekt var Per Axel Nyström og byggjeleiar var Carl Georg Brunius. Bygningen hadde vore meint som bustad for biskopen i Lund, men vart på grunn av usemje aldri teke i bruk til dette føremålet. I 1848 bytta difor kyrkja dette huset mot eit nybygg universitetet hadde reist i Sandgatan, og frå 1849 hadde universitetets zoologiske, kjemiske og fysiske institusjonar tilhald i bygningen. I 1917 vart bygningen gjennomgripande renovert under leiing av domkyrkjearkitekten Theodor Wåhlin for å hyse Historiska museet och institutionen för arkeologi.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Lunds universitets historiska museum