Lundsjön–Dammsjön

Koordinatar: 59°16′19″N 18°16′31″E / 59.27194°N 18.27528°E / 59.27194; 18.27528
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dammsjön september 2009

Lundsjön–Dammsjön er eit innsjø-kompleks i Nacka kommun i Stockholms län i Sverige. Komplekset består av Lundsjön i nord og Dammsjön i sør. Innsjøane ligg i eit velvitja turområde nor for Erstaviken, og er rekna for å vere bra innsjøar for både fiske og bading. Innsjøane utgjorde tidlegare drikkevasstilgangen for Saltsjöbaden. Den austlege delen av Dammsjön ligg innanfor Tattby naturreservat.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Innsjøkomplekset har eit overflateareal på 0,17 km², ligg 27,4 meter over havet og har ein gjennomsnittsdjupne på 4,9 meter. Største vassdjupne er mælt til 10,7 meter. Innsjøkomplekset har eit volum på 770 000 m³, og strandlinja mæler 5,4 km

Biologi[endre | endre wikiteksten]

Vatnet i innsjøane er klårt, og botnen er brunaktig på grunn av innhaldet av humus. Det er tre flytande øyar, eller hengemyrer, på innsjøen. Dei har lengje lege på same plass, men har i den seinare tida flytta noko på seg. Den nordlegaste av hengemyrane har flytta seg sørover med om lag 100 meter. Innsjøane sine breidder består for det meste av hällmarksbarskog, som er ømfintleg for slitasje frå vitjande. Barskog (gran) og lauvskog (bjørk og or) breier seg òg langs innsjøane. Den omkringliggande naturen er variert, med eit rikt dyre- og planteliv. Det veks rikeleg med sopp her, som fluesopp, smørsopp, kremler og røyrhattsopp. I sjølve innsjøen veks det siv, starr, snellar, vassliljer, nypebuske, gras, bjørnemose og kalvedun. Lomar og fiskeørn blir jamleg observert ved innsjøane. I innsjøane er det òg krepsar og rikeleg med krepsedyr, og dessutan augestikkarar.

Friluftsliv[endre | endre wikiteksten]

Fiskerettane i den austlege delen av innsjøen forvaltast av Saltsjöbadens Fiskevårdsförening. På vinteren blir det drive isfiske på innsjøkomplekset. Det er gode gang- og sykkelvegar i området. Saltsjöbadens «lugna promenad» (rolege promenade), ei merkt sløyfe på drygt 4 km, passerer ved nordbreidda, der òg Saltsjöbadens golfbane ligg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

59°16′19″N 18°16′31″E / 59.27194°N 18.27528°E / 59.27194; 18.27528