Lungefiskar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lungefiskar
Queensland Lungfish (Neoceratodus forsteri).jpg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Bilateria
Infrarike: Deuterostomia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Kjøtfinnefiskar Sarcopterygii
Underklasse: Lungefiskar Dipnoi

Lungefiskar (Dipnoi) er ein underklasse av kjøtfinnefiskar som har lunger i tillegg til gjeller. Dei få artane i gruppa som lever i dag er særs spesialiserte. Lungefiskane er avhengige av atmosfærisk oksygen i tillegg til oksygenopptaket gjennom gjellene. Dei har òg visse trekk i hovudskallen som skil dei frå andre fiskar, og ein symmetrisk skjelettbygnad i halen.

Fossile lungefiskar er kjende frå devon og hadde då ei vid utbreiing på jorda. I denne perioden fanst ei rad til dels klart ulike typar lungefiskar, men sams for alle var dei lange og kvastforma para finnane. Desse lungefiskane hadde òg utvikla kraftige og flate knusetenner som sat på ganen, og kranietaket var dekt av eit høvesvis stort tal småe knoklar. Lungefiskane var talrike i devon, men i karbon og perm var dei gått sterkt attende i talet på artar og vart samstundes meir og meir like lungefiskane som lever i dag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]