Lupe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Luper finst i mange variantar og er vanlegvis enkle å nytte.
Lupe nytta av urmakarar som arbeidde med mekaniske lommeur og armbandsur. Lupa er utforma slik at urmakaren kan knipa lupa fast framfor sitt eine auge, og såleis lett rette synet mot dei små delane i uret samstundes som båe hendene var frie til arbeid.

Ei lupe eller eit aukeglas er ei optisk linse som vert nytta som eit hjelpemiddel for å studere ting på nært hald. Luper skil seg frå andre forstørringsgjenstandar, til dømes briller, ved at dei har ei anna utforming.

Lupa vert nytta i mange yrke, til dømes av kirurgar, tannlækjarar, gullsmedar, urmakarar og i andre presisjonsyrke.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegaste nedteikninga av eit forstørringsglas er i sjubindsverket Kitab al-Manazir ('Optikk') skrive mellom 1015 og 1021, og seinare omsett til latin.

Forstørring[endre | endre wikiteksten]

Fokus vil variere frå brukar til brukar.

Forstørringa til ei lupe kjem an på kvar ho er plassert i forhold til auga til brukaren og objektet som vert studert. Dei er vanlegvis skildra i form av styrken sin, og ei lupe med 2× forstørring vil om lag doble storleiken på objektet ein studerer.

Den matematiske formelen for forstørringa vil vere MP0=¼Φ+1, der Φ er lupa si evne til å bryta ljoset (dioptri) og ¼ er den tenkte avstanden til brytingspunktet (om lag 25 cm frå auget). Verdien for å skildre forstørringa vert skriven «mx», der m=MP0.

Fokuset i luper er ikkje særleg nøyaktig, og dette vil variere i forhold til lysbrytinga i auga til brukaren.

Ulike luper[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]