Lur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lur
Neverlur.JPG
Neverlur
Klassifisering Blåseinstrument
Aerofon
Bronselurar i par frå bronsealderen, funne i Brudevælte på Nord-Sjælland i Danmark.

Lur er eit blåseinstrument av tre eller metall. Det er eit langt naturhorn utan fingerhol der ein former lyden ved hjelp av leppene (embouchure).

Lurar har lang historie. I Norden kan dei førast tilbake til bronsealderen.[1] Lurar av bark (t.d. olderlur) eller tre tekka med never (neverlur), eller tæger (tåglur) var nytta i norsk seterdrift heilt til 1900-talet.

Ein kjenner liknande lurar med lengd på opptil 4–5 meter frå Karpatane, Alpane (alpehorn) og Pyreneane.

Eit eige lag for lur og bukkehorn, Norsk Lur-og Bukkehornlag, blei skipa i 1996.

Bronsealderlurar[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er det funne 4 bronselurar og i Danmark, Sverige og Nord-Tyskland omkring 40. Lurane er opptil 2 meter lange. Dei er S-forma bronserøyr med konisk mensur og skålforma munnstykke (omtrent som på ein moderne basun). Lydopningen er forsynt med ei ornamentert plate. Bronselurane er oftast funne to og to saman. Dei er stemd i same tone, men svinga symmetrisk og har sannsynlegvis vore brukt i religiøs kult. Slike lurar er ofte avbilda på helleristingar frå bronsealderen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Brudevælte Lurs, norsk side på engelsk
  • Lur: blåseinstrument. (14. juni 2015). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 23. september 2017.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]