Lura
| Lura | |||
| bydel | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Rogaland | ||
| Kommune | Sandnes | ||
![]() Lura 58°52′20″N 5°44′23″E / 58.87218°N 5.73975°E | |||
Lura er ein bydel i Sandnes som hadde 8468 innbyggjarar den 1. januar 2014.[1] Bydelen ligg nord for sentrum og grensar til Stavanger kommune i nord og til Sola kommune i nordvest. Lura består hovudsakleg av bustadområde i lag med store næringsområde i industriparkane Forus og Lura.
Næring
[endre | endre wikiteksten]
I tillegg til stor IT- og oljeindustri er bydelen senter for handel på Nord-Jæren og har mange store varehus, mellom anna IKEA og eit av dei største kjøpesentera i Noreg, Kvadrat. Hovudnæringane har skifta frå den historiske jordbruks- og industriproduksjonen til handel, IKT og petroleumsindustri. Lura husar mellom anna hovudkontora til to av dei største pizzakjedene i Noreg, Dolly Dimple's og Pizzabakeren.
Samferdsel
[endre | endre wikiteksten]
E39 går gjennom Lura og vest for denne er dagens jordbruksområde verna mot utbygging. Like ved Kvadrat kjøpesenter møter han riksveg 505, som held fram sørover og splittar bydelen frå aust til vest, og ei eventuell utviding med tilfartsveg frå Gandsfjord bru og kollektiv-/bybanefelt vil medføra ei stor totalbreidd. Det blir derfor jobba med løysingar som vil ta vare på fotgjengarar og bebuarar på ein betre måte. Jærbanen går langs sjøkanten gjennom Lura, men den lokale haldeplassen er nedlagd. Det blir derimot arbeidd med dobbeltspor som kan inkludera ny haldeplass for bybanen på Lura. Ved sjøfronten i Luravika, som hadde vore avsperra av jernbanen, blei det sommaren 2018 laga til bystrand.
Utdanning
[endre | endre wikiteksten]Barnehagar
[endre | endre wikiteksten]- Myklaberget barnehage
- Porsholen barnehage
- Rissebærstraen barnehage
- Aktiv barnehage
- Håholen barnehage
- Lura barnehage
- Myrsnipa barnehage
- Rabalder barnehage (ExxonMobil)
- Svanholmen barnehage (Statoil)
Grunnskular
[endre | endre wikiteksten]Kjende personar frå Lura
[endre | endre wikiteksten]- Svein Fanebust (Administrerende direktør i Coop Norge)
- Trond Erik Bertelsen, idrettsutøvar
- Annette Obrestad, pokerspelar
- Thomas Dybdahl, musikar
- Henrik Ingebrigtsen, idrettsutøvar
- Filip Ingebrigtsen, idrettsutøvar
- Jakob Ingebrigtsen, idrettsutøvar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lura» frå Wikipedia på bokmål, den 15. mai 2025.
