Lure i Frankrike
Utsjånad
| Lure | ||
|---|---|---|
|
| ||
| Land Region Departement |
Frankrike Bourgogne-Franche-Comté Haute-Saône | |
| Flatevidd | 24,31 km² | |
| Flatevidd • By |
24,31 km² | |
| Innbyggjarar • By (2007) - folketettleik |
8 263 340/km² | |
| Koordinatar | 47°41′N 06°30′E / 47.683°N 6.500°E | |
| Høgd | 293 m | |
| Tidssone • Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | |
| Postnummer | 70200 | |
Lure er ein liten by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Haute-Saône i regionen Bourgogne-Franche-Comté. Byen hadde 8 267 innbyggjarar i 2007.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Eit benediktinarkloster vart bygd her i 959. Grevar frå Alsace heldt til ved klosteret, som hadde nær kontakt med Alsace. Rundt 1340 reiste munkane festningsverk for å verne seg mot åtak frå huset Valois. Frå 1392 var byen underlagt hertugane av Austerrike. Klosteret vart nedlagd i 1790 under den franske revolusjonen.
