Lusaheia landskapsvernområde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lusaheia landskapsvernområde (122 km²) og Vormedalsheia landskapsvernområde (120 km²) er eit verna område i Hjelmeland kommune i Rogaland.

Verneområdet blei oppretta ved kongeleg resolusjon av 19.april 1991. Føremålet med vernet av Lusaheia er «å ta vare på eit særmerkt og vakkert høgfjellslandskap som inneheld sjeldsynte og sårbare naturelement.» Vormedalsheia og Lusaheia er rekna for å vera av dei mest verneverdige fjellområda i Rogaland.

Lusaheia landskapsvernområde ligg i Hjelmeland aust for Vormedalsheia med Grasdalen/Storhidler som vestgrense. I nord går grensa like sør for Blåsjø magasinet. Austgrensa følgjer fylkesgrensa mot Aust-Agder, sørgrensa følgjer kommunegrensa mot Forsand. Stølsdalen-Grasdalen ligg som ei korridor mellom Vormedalsheia og Lusaheia, og er ikkje tatt med i landskapsvernområda grunna dei omfattande inngrepa som har skjedd i samband med Ulla-Førreutbygginga. Området blir likevel omtalt då det naturleg høyrer saman med området rundt, og ikkje utgjer noko sjølvstendig område.

Namnebruken kan virke forvirrande då det ikkje er samanfall mellom namnet slik det blir brukt lokalt og slik det blir brukt på landskapsvernområdet. Lusaheia landskapsvernområde omfattar meir enn sjølve Lusaheia. Auråhorten, Storådalen, Sandkleivheia, Kileheia og Oddeheia ligg alle heilt eller delvis innanfor Lusaheia landskapsvernområde.

Geologi og landskap[endre | endre wikiteksten]

Fjellgrunnen i Lusaheia er i hovudsak prega av grunnfjellsplatået, mens Vormedalsheia er prega av ein klar tredeling av bergartane, noko som er typisk for dei nordaustre delane av Ryfylke.

Underst ligg grunnfjellet som pregar det meste av Ryfylkeheiane. Grunnfjellet er stort sett samansett av næringsfattige gneisar og granittar som forvitrar langsamt og gir dårleg jordsmonn. I slutten av jordas urtid (prekambrium, ca. 600 mill. år sidan) blei grunnfjellet tært ned av naturkreftene til ein relativt flat slette, det subkambriske peneplan.

Peneplanet blei oversvømma av havet i jordas oldtid (kambrium, ordovicium og silur, ca. 600-400 mill. år sidan). Oppå grunnfjellet blei det avsett lausmassar som seinare blei omdanna til bergartar. Desse finn vi i dag att som sandstein og fylitt og som konglomerat. Dei fleste stader i Ryfylke er desse kambrosilurske bergartane omdanna av trykk og temperatur slik at ein ikkje kan finne fossile plante- og dyrerester. Dei kambrosilurske bergartane har høgt innhald av næringssalt, forvitrar lett og gir eit godt jordsmonn. Fylitt finn ein aust og sør i Skuteområdet. Under den kaledonske fjellkjedefoldinga som skjedde for ca. 395 mill. år sidan, blei store grunnfjellsflak pressa opp og skove over dei yngre kambrosilurske bergartane. Desse flaka blei omdanna til gneisar og kvartsittar under foldinga, som på same vis som grunnfjellet forvitrar seint. Det ein finn att av skiferbergartane og skyvedekket i dag etter millionar av år med erosjon, har oftast form av såter oppå grunnfjellsplatået, med bratte kantar og velutvikla urer. Såteforma får dei fordi erosjonen føregår raskare i skiferbergartane enn i skyvedekket som ligg som eit beskyttande lag oppå.

I kvartærtida (dei siste 1,5 mill. år) har landskapet blitt omdanna radikalt. Denne perioden har vore prega av ein serie istider. Mange markerte landskapsformer som i dag pregar landskapet, blei danna under og like etter den siste istid (ca. 70.000-8.000 år sidan). Isens arbeid har ført til at det meste av høgfjellsplatået er eit snauslipt, bortimot vegetasjonslaust landskap. I dei små forsenkningane som blei danna har det samla seg vatn. Eit typisk trekk for høgfjellsplatået i Ryfylke, er alle desse vatna og pyttane som ein finn i Lusaheia og Vormedalsheia.

Isen har vidare skore ut eit system av dalar i grunnfjellsplatået som stort sett følgjer sprekksonene. Der sprekksystema har gått parallelt med retninga isbreen har bevega seg i, har erosjonen vore spesielt kraftig. Storådalen er døme på den enorme evna isen har til å erodere.

Vegetasjon[endre | endre wikiteksten]

Vegetasjon og flora på grunnfjellsområda er fattig, men svært vanleg for Ryfylkeheiane. Ulike artar av lyng, gras og halvgras dominerer. I dei høgareliggande fjellområda er store fjellparti så godt som vegetasjonslause. Dette gjeld Lusaheia.

I sterk kontrast til dei blankskurte områda, står vegetasjonen på område med skifer i berggrunnen. Denne kontrasten er tydeleg aust og sør i Skuteområdet, der eit større område er dekt av eit tynt skiferdekke som grensar opp til grunnfjellet. På skifergrunnen finn vi eit samanhengande grønt vegetasjonsdekke, mens grunnfjellsområda er blankskurt berg.

Fugle- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Aure er utbreidd og vatna er ofte svært fiskerike. Røye finn ein i nokre fjellvatn.

Fugl[endre | endre wikiteksten]

Når det gjeld fuglelivet varierer kjennskapen frå del til del av områda. Kjennskapen til fuglelivet i Lusaheia er ganske dårleg. Totalt er 83 artar påvist i Lusaheia og Vormedalsheia tilsamen, dei aller fleste som hekkefuglar.

Rovfuglar og ugler

Til tross for at området ikkje er undersøkt i gode smågnagerår, tyder det på at det er godt om rovfugl i området. I dei bratte fjellsidene hekkar kongeørn år om anna. Av andre rovfugl som og ofte hekkar i klipper, førekjem fjellvåken i smågnagarår. Denne arten er også observert i Storådalen.

Hønsefuglar

Lusaheia er viktige produksjonsområde for rype, særleg fjellrype. Blokkrike grunnfjellsflater tykkjer å vera gunstige for fjellrypa, og denne biotoptypen er utbredt i området.

Vadefuglar

På høgfjellet hekkar heilo og fjøreplytt, den siste i relativt tette bestandar.

Sporvefuglar

Denne gruppa er representert med ca. 50 artar i Vormedalsheia og Lusaheia, og omfattar dei fleste typiske hekkeartene for Ryfylke så vel som ein del sjeldnare artar. Av artar som hekkar Lusaheia finn ein mellom anna sivsporv, snøsporv og blåstrupe (Fylkesmannen i Rogaland 1986).

Hjortedyr[endre | endre wikiteksten]

Av elg er det ei fast stamme i dei vestlege delar av Vormedalsheia. Streifdyr av elg finn ein også i høgfjellsområda med trekk gjennom Stølsdalen, Grasdalen og Storådalen over til Setesdal.

Villreinen sin bruk av området

Ein del av fostringsflokkane som går aust for Blåsjø- og Svartevassmagasinet om sommaren og hausten, trekkjer vestover mot Lusaheia, Vormedalsheia og Årdalsheiane på vinterbeite i januar og februar alt etter kor mykje snø og nedising det er austpå. Før Blåsjøutbygginga kunne det vera 5-600 dyr berre i Vormedalsheia, under og etter har det vore klart mindre, heilt ned mot 2-300 dyr. Ein tilsvarande trend hadde ein for områda vest for Nilsebuvatnet. Dyra står i desse områda fram til april-mai. Då dreg dei attende til kalvingsplassane aust for Blåsjø- og Svartevassmagasinet, berre ein del mindre bukkeflokkar og nokre simler vert att til hausten.

Lusaheia høyrer til dei sentrale områda for villreinen. Reinen går fram og tilbake over Blåsjø- og Svartevassmagasinet når det er islagt. Dei trekkvegane som reinen hadde, aust-vest på sommartid vart neddemde ved utbygginga. Det er berre passasje mellom Blåsjø- og Svartevassmagasinet ved Storsteinsdalen (Djupetjørnsåsen - Sjonaråsen). Ein er då svært avhengig av at det står rein i dette området når trekken er frå vest dersom ein skal få rein til å trekkja vest for Blåsjø-/Svartevassmagasinet på sommartid. Desse forholda er sterkt medverkande til at det er mykje færre reinsdyr i heiområda vest for Blåsjø-/Svartevassmagasinet etter utbygginga enn før. Reinens moglegheiter for å kryssa dalføret som skil Vormedalsheia og Årdalsheia frå Lusaheia er gode. Reinen kryssar Grasdalen om vinteren når det er minimal ferdsel av både grunneigarar og turistar. Ein veit at mellom Øykjalia og Storhidler - Nilsebuvatnet er det 15-16 ulike stader reinen går både sommar og vinter. I området Oddaheia - Austre Skute nord for landskapsvernområdet er det sommarbeite for rundt 50 rein og vinterbeite for rundt 200, og det går mange bukkar her.

Rovdyr

Av rovdyr er raudrev og mår vanlege. Jerv førekjem truleg som streifdyr i Lusaheia. Fleire smågnagarartar og mindre mårdyr finst i området, men førekomsten er ikkje kartlagt.

Kulturhistorie[endre | endre wikiteksten]

I Lusaheia har det ikkje vore føretatt systematiske, arkeologiske registreringar, men det er likevel påvist ein buplass frå steinbrukande tid samt mange hidlarar i Storådalen. Dalen vil klart vera eit viktig område for arkeologisk og vegetasjonshistorisk kunnskap i fjellområda mellom kyst og dei indre fjellstroka. Også heiområda nord for Storådalen har i så måte eit viktig potensiale, noko dei registrerte fangstminna, truleg for det meste frå nyare tid, vitnar om.

Grasdalen er ein 5-6 km lang dal som saman med Storådalen er dei beste beitedalane i dette heiområdet. Sjølve Grasdalen ligg utanfor landskapsvernområdet. Det er mykje lausmassar i Grasdalen slik at ein stor del av dalen er graskledd i motsetning til dei tilgrensande heiane kor blankskurt berg dominerer. Grasdalen har difor i alle tider vore nytta til beite og stølsdrift. Nedst i dalen ligg det 4 stølsplassar, Brokålega, Futelega, Krolega og Prestehidler. Desse stølane ligg 620 til 680 moh. Øvredalslega ved Øvredalstjørn 2-3 km lenger opp i dalen ca. 800 moh. og Gamlestøl i nordaustre enden av Gamlestølsvatnet ca. 825 moh.

Grunneigarane flytte med buskapen frå dei lågast liggjande til høgare liggjande stølar etter kvart som snøen far og beita vart best øvst i dalen. Det same gjeld også i dag då sauene blir sleppte nedst i dalen på føresommaren og trekkjer oppover etter kvart som sommaren kjem. Gamlestøl har i tillegg til å vera stølsplass også hatt ein svært viktig funksjon i samband med jakt og fiske. Her er det 3 hidlarar som både grunneigarar og andre jegerar har lege i heilt fram til det siste. Det var også lega i Kvildalshidleren, Søra og Norda lega i Kromsåkvelven, Storådalslega og Verhidler, alle desse i Storådalen. I tillegg har me Slettedalshidleren, dei tidlegare omtalte lega Grasdalen og Gamlestøl. Gamlestøl hadde også ein svært sentral plass i den såkalla "Reinshonnvegen". Reinshonnvegen var den ferdselsvegen som "austmennene" brukte mellom Setesdal og Tøtlandsvik eller Førre. Vegen var oppdelt i dagsmarsjar med overnatting på stølar og hidlarar. Vegen er ein "kløvhestveg", og hadde utgangspunkt frå Tøtlandsvik vidare om Kleivaland, Austmannsskaret over heia til Gamlestøl som var første overnatting på vegen austover. Det same var tilfelle om utgangspunktet var frå Førre, men då det ikkje var mogleg å koma ned til Førre med kløvhest, måtte dei bera varene på ryggen til Gamlestøl der hestane gjekk i beite.

Driftarvegen frå Laugaland er den same som den tidlegare omtalte "Reinshonnvegen". Den går over fjellet frå Kleivaland. Turen over fjellet med sauedrifta tek gjerne frå 12 til 16 timar, alt etter ver og føreforhold. Det er ofte mykje snø over fjellet på våren og føresommaren og tungt å ta seg fram. Vegen vidare til lega i Storådalen og Kromsåkvelven gjekk gjennom Drepekvelven, Slettedalen, Sprongaknuten til Storådalen. Eller frå Slettedalen over Lusaheia til Kromsåkvelven.

Dette var og kløvhestveg. Det er ein snarveg som går frå Grasdalshytta langs Bjønndalsvatnet langs brotet til Nov, og vidare etter driftarvegen til Kleivaland. Det er ikkje mogleg å drive dyr etter denne vegen. Den gamle ferdavegen mellom Årdal og Setesdalen fylgjer driftarvegen til Storådalen. Vidare går den gjennom Kromsåkvelven, Kvildalsjuvet, Kvildal om Skafonna langs brotet ovanfor Storsteinsvatnet til Storsteinen. Vidare om Gyvass og Dyrskar til Brotteli. Denne vegen var ikkje framkomeleg med kløvhest.

Nilsebu er frå gamalt av ein del av Viglesdalen. Området har vore i bruk til beite frå tidleg på 1700-talet, til fiske og jakt sikkert mykje lengre. Det har alltid vore særs godt fiske i Nilsebu og Storådalen. "Nilsebuå" vart i første rekke sett opp som ei fiskebu, og Nils Viglesdal som sette ho opp, bar og tilnamnet Nils Fiskar. Det har vore samanhengande beitedrift i Nilsebu sidan 1700-talet. Frå 1850 til 1900 var det intensiv utnytting med leigesmale. Dei hadde då "leger" i Nilsebu, Vassrau og Tyskebotn. Det vart og drive stølsdrift i Vassrau. Vanlegaste vegen til Nilsebu var driftevegen gjennom Viglesdal - Stakken - Storhidler til Nilsebu. Frå Lysebotn gjekk og veg gjennom Stølsdalen over Lysestølane til Kleggjadalen og Nilsebuvatnet. Vidare måtte ein då bruka båt eller gå over Heiaraksla.

Den jakta som verkeleg har tradisjon i Statsallmenningen, er reinsdyrjakta. For lang tid sidan, lenge før Statsallmenningen blei oppretta i 1931, har her vore jakta. Jegerane tok seg inn i terrenget frå ulike stader, Årdal, Vormedalen, Førre og Jøsenfjorden. Nokre kom og frå Suldal og Bykle. Dei overnatta i "hidlerar", og jakta til dei hadde fått dyr, eller så lenge dei hadde mat. Dei mest kjende "hidlerane" i Statsallmenningen som vart nytta er Torbjørnsherberget, Jensahidleren, Vadlahidleren og Sanddalshidleren. Seinare vart her bygd hytter, til dømes hytta ved Undeknutfossen og Turistforeningen si hytte i Sanddalen (Blåfjellhytta) (Grunneigarane i Grasdalen, Storådalen og Futen sameige, Nilsebu sameige og Hjelmeland Statsallmenning 1992).

Bruk av området i dag[endre | endre wikiteksten]

Heia er viktig som beite for sau og næringsgrunnlag for villrein. Lusaheia er viktig område for storvilt- og småviltjakt.

Lusaheia blir brukt til friluftsliv, og Eidavatn turistforeningshytte ligg innanfor området. Melands-Grønahei ligg innanfor Vormedalsheia landskapsvernområde. Grasdalen, Nilsebu, Litle Aurådalen og Storsteinen ligg utanfor verneområda, men er del av løypenettet i landskapsvernområda. I tillegg til overnatting på hyttene, kjem telting langs dalføra.

Grasdalshytta vart oppført i 1924. Hytta er på ca. 22m2. Denne hytta ligg ved Presthidler i nedre enden av dalen. På same staden ligg ei hytte på ca. 15m2 som blei oppført i 1938. Elles ligg det jakthytte ved Krymleosen, i Kvilldal og ved Verhidlervatnet.

Nilsebu har i alle tider vore eit godt villreinvald. Jakt har delvis vore utøvd av eigarane, men mykje av jakta har og vore bortleigd for lange periodar. Reinsdyr trekkjer over heile området og jakt føregår over alt, men særleg områda ved Øvre og Nedre Vassbotn, Vassrau og Tyskebotn har vore "sikre" jaktfelt.

Jegerane bur for det meste i Nilsebu, men Turistforeningen si hytte i Litle Aurådal, ein hidler i Vassrau, og telt, har vore nytta som husvære. Småviltjakt, særleg rype, har og vore vanleg i Nilsebu. Rypejakta har dei siste åra vorte særs populær. Etter 1900 er det i hovudsak grunneigarane som har nytta beite, men med fast leigeavtale med strandbuarar for områda sør for Gråfollåna - Knutåna dei siste 30 åra.

Før Blåsjøutbygginga vart det fiska stor fin fisk i 3-4 vatn i Statsallmenningen. I 1975 vart det sett ut Canadisk bekkerøye og aure i Eidavatnet. Særleg bekkerøya voks fort, og det tok ikkje mange åra før ein kunne få fin fisk her. Statskraft byrja og å setja ut fisk i Blåsjømagasinet, og nå er det eit godt fiske i heile Blåsjø. I tillegg sette Hjelmeland Fjellstyre ut om lag 8.000 bekkerøyer i Eidavatnet og vatna i nærleiken. Dette var i 1986.

Småviltjakta har teke seg sterkt opp dei siste 15-20 åra, og det er Hjelmeland fjellstyre som sel småviltkort. Interessa for småviltjakt aukar.

Fjellstyret leiger ikkje ut beite til nokon, då Statsallmenningen ikkje har naturlege vårbeite. Likevel er her nok ein god del beitedyr frå dei omkringliggjande områda (Grunneigarane i Grasdalen, Storådalen og Futen sameige, Nilsebu sameige og Hjelmeland Fjellstyre 1992).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Fylkesmannen i Rogaland 1986. En oversikt over naturforhold og verneinteresser i Vormedalsheia og Lusaheia i Hjelmeland kommune, Rogaland. Stavanger.
  • Grunneigarane i Grasdalen, Storådalen og Futen sameige, Nilsebu sameige og Hjelmeland Statsallmenning 1992. Til forvaltningsplanen for Lusaheiområdet. Rapport om tidlegare og nåverande bruk av heiområdet. Hjelmeland.
  • NOU 1974:39. Fjellplan for Setesdal Vesthei. Universitetsforlaget, Oslo, Bergen, Tromsø.
  • Planfagleg rådgjevingsgruppe 1986. Heiområdet Setesdal-Ryfylke. Framlegg til mål og retningsliner for arealbruk. Framlegg frå ei planfagleg rådgjevingsgruppe for heiområdet Setesdal-Ryfylke oppnemnt etter initiativ frå fylkesmennene i Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland. Kristiansand.
  • Steinnes, Audun 1988: Oversikt over botaniske verneverdiar i Rogaland. Økoforsk rap. 1988:12. Ås-NLH.
  • Styringsgruppa for forprosjektet til fleirbruksplanen for Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane 1991. Fleirbruksplan for Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane. Forprosjektet. Kristiansand.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]