Lusail

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lusail
by
Land  Qatar
Kommune Al Daayen
Koordinatar 25°30′N 51°29′E / 25.500°N 51.483°E / 25.500; 51.483
Kart
Lusail
25°25′03″N 51°30′27″E / 25.4175°N 51.5075°E / 25.4175; 51.5075
Wikimedia Commons: Lusail

Lusail er den nyaste planlagde byen i Qatar, på kysten nord i kommunen Al Daayen. Lusail ligg kring 23 km nord for sentrum av Doha, like nord for Al Qutaifiya. Han dekkjer over 35 km² og vil etter kvart vere bustad for opp til 260 000 menneske. Han er planlagd å ha båthamner, bustadområde, feriestader, handelsområde, luksusbutikkar og fritidsanlegg, som to golfbanar, ein sjiraff-zoo og eit underhaldningsdistrikt. Bygginga pågår framleis. Han vert utvikla av det statlege Qatari Diar Real Estate Investment Company og Parsons Corporation.

Lusail Iconic Stadium, med ein kapasitet på over 80 000 tilskodarar, er planlagd bygd for opningskampen og finalekampar i fotball-VM i 2022.[1] Stadionet er inspirert av seglet på dei tradisjonelle dhow-båtane, sidan byen ligg på austkysten, der det tidlegare var mange slike perlefartøy. Etter fotball-VM skal stadionet nyttast til andre idretts- og kulturarrangement. Lusail Sports Arena husa handballkampar under handball-VM for herrar 2015.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Brandon Griggs (24. januar 2017). «2022 World Cup city rises in the desert». CNN. Henta 6. februar 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]