Lustrafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°17′55″N 7°17′21″E

Urnes i Lustrafjorden
Lustrafjorden nordom Gaupne.
Foto: Per Olav Bøyum

Lustrafjorden er ein fjordarm av Sognefjorden på nordsida av fjorden i Luster kommune. Med ei lengd på 42 km er han den lengste sidefjorden av Sognefjorden og går generelt nordover og inn til Skjolden. Frå Skjolden og ut til starten av Sognefjorden er det 204 km.

Fjorden har innløp mellom Ombandsnes i sørvest og Asalneset i nordaust. Dei yste delane av fjorden har bratte fjellsider utan busetnader og vegsamband. Etter 10 km ligg Kinsedalen på austsida og litt lenger nord ligg Ornes, der Urnes stavkyrkje står. Frå her går det ferje rett over fjorden til Solvorn på vestsida. Frå Urnes og nordover austsida av fjorden går fylkesveg 331.

Eit stykke lenger nord ligg grenda Kroken på austsida, medan garden Vedvik og indre Eikjo ligg tvers over på andre sida. Frå her går det òg vegsamband på vestsida av fjorden. Like nord for Eikjo ligg innløpet til Gaupnefjorden, som går 4,5 km nordvest og inn til Gaupne. Nord for innløpet ligg grenda Nes og frå her går Riksveg 55 langs vestsida av fjorden og inn til Skjolden.

Nokre kilometer nord for Nes ligg grenda Flahamar på vestida og Sørheim tvers over fjorden på andre sida. Litt lenger nord ligg bygda Luster på vestsida. Ved Luster svingar fjorden nordaustover og held fram 8 km inn til Skjolden.