Oter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lutra lutra)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Oter (fleirtyding).
Oter
Europeisk oter Lutra lutra
Europeisk oter Lutra lutra
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær truga
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av oter
Utbreiinga av oter
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Overfamilie: Musteloidea
Familie: Mårfamilien Mustelidae
Underfamilie: Lutrinae
Slekt: Lutra
Art: Oter L. lutra
Vitskapleg namn
Lutra lutra

Oter eller europeisk oter (Lutra lutra) er eit dyr som lever delvis i vatn, delvis på land. Det er eit rovdyr i mårfamilien. Globalt finst fleire oterartar langs kystane av den nordlege halvkula. Verdifull pels og skotpremiar sette oterbestanden i fare og i 1982 vart oteren totalfreda. I dag ser den norske oterbestanden ut til å vere i framgang, særleg frå Møre og nordover.[2]

Oteren sin diett består i hovudsak av fisk, men òg krepsdyr, amfibiar, fuglar, smågnagarar og haredyr vert etne. Oteren er glad i oppdrettslaks og kjem ofte i konflikt med fiskeoppdrettarar.

Raudlistevurdering[endre | endre wikiteksten]

Ei nedgradering av oter til livskraftig kan føra til eit auka jakttrykk på arten. Dette har beviseleg ført til ein kraftig bestandsnedgang i det førre århundre. Intensivering av fiskeoppdrett vil truleg føra til ein auke i legal og illegal avlivning og tilfeldig drukning av otere. Påkøyringar kan påverka små bestandar negativt. Nye og gamle miljøgifter vil òg kunna påverka bestanden, særleg populasjonen i innlandet. For å følgja utviklinga av bestanden er det nødvendig å fortsetja overvakinga som NINA utfører. Analysering av døde oterar for miljøgifter vil truleg kunna gi svar på korleis desse påverkar oterbestanden.

Konklusjon: Oteren blir vurdert av Artsdatabanken som livskraftig LC frå 2021.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Eldegard K; Syvertsen PO; Bjørge A; Kovacs K; Støen O-G; van der Kooij J (24. november 2021). «Pattedyr: Vurdering av oter Lutra lutra for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 10. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]