Luttsuite i g-moll, BWV 995

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Suite i g-moll
BWV 995
Suite av Johann Sebastian Bach
Sjanger Kammermusikk
Periode Barokken
Komponert 1727-1731
Publiseringsdato 1976
Typisk lengd 22:39
Satsar 8

Suite i g-moll BWV 995, er eit stykke for lutt skriven av komponisten Johann Sebastian Bach. Det er ein transkripsjon av Cello Suite No. 5, BWV 1011, som vart skriven av same komponist. Stykket er skriven mellom våren 1727 og vinteren 1731, og denne usedvanlege suiten finst i ein annan versjonen, som Cellosuite No. 5, i c-moll.[1]

Det ser ut til at celloversjonen kom først, men ekspertane er samde om at Bach var djupt tiltrekt av lutten, og innførte heile tida religiøs symbolisme i komposisjonane sine for instrumentet.[1]Til dømes siterer sarabanden et incarnatus est frå Credo i Messe i h-moll.[1] Bach nytta utsmykkingane frå den franske lutt-tradisjonen, og det enkle og direkte i den tyske stilen, og syner korleis han klarte å blande to forskjellige nasjonale stilar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]