Lutz Dombrowski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lutz Dombrowski

Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 25. juni 1959 (64 år)
Zwickau
Yrke friidrettsutøvar
Språk tysk
Høgd 187 centimeter
Politisk parti Die Linkspartei
Lutz Dombrowski på Commons

Lutz Dombrowski (fødd 25. juni 1959) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Zwickau. Han vart olympisk meister i lengdehopp i 1980 og europameister i same øvinga i 1982. Dombrowski har i 2014 den tyske rekorden i lengdehopp, 8,54 m, vinnarhoppet i Moskva-OL.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Dombrowski vann i 1979 lengdetevlinga i Europacupen for landslag. I 1980 sikra han seg gullmedaljen under OL 1980 i Moskva med eit hopp på 8,54 m, ny europarekord og årsbeste i verda i 1980. To år seinare vart han europameister i Aten, med god margin til andremann.

Dombrowski vart austtysk meister i lengdehopp i 1979 og 1984.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1980 i Moskva: Gullmedalje – 8,54 m, framom Frank Paschek (8,21 m)
  • EM 1982 i Aten: Gullmedalje – 8,41 m, framom Antonio Corgos (8,19 m)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]