Luvisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Luvisk språk)
Utbreiingsområdet til luvisk.

Luvisk er eit utdøydd indoeuropeisk språk som høyrer til den anatoliske språkgruppa. Språket er i nær slekt med hetittisk. Luvisk er enten ein direkte forløpar til lykisk eller i svært nær slekt med det.

Luvisk vart brukt av folkegrupper som budde i Arzawa vest og sørvest for hetittane sitt kjerneområde. I dei eldste kjende tekstane vert området kalla Luviya, men det vart seinare kjent som Lydia. Dersom historia om Troja er sann, og at byen låg der ein trur han låg, snakka trojanarane med stor sannsynlegheit luvisk.

Luvisk spreidde seg frå det vestlege Anatolia mot aust, og denne spreiinga kan ha hatt ein nær samanheng med at Hetittriket fall. Luvisk vart brukt i dei neo-hetittiske statane i Syria, som Milid og Carchemish og Tabal i det sentrale Anatolia i det 900-talet fvt.

Hettitisk segl med kileskrift og hieroglyfar.
Luviske hieroglyfar i Hattusa.

Overlevering[endre | endre wikiteksten]

Luvisk er teke vare på i to former som er oppkalla etter kva type skrift som vart brukt. Det er kileskrift og hieroglyfar. Hieroglyfane vart på luvisk skrivne frå venstre mot høgre.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]