Luxembourg i Eurovision Song Contest 1956

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eurovision Song Contest 1956
Land Luxembourg
Offisielt Luxembourg
Kringkastar Télé-Luxembourg
Nasjonal uttaking
Uttaking Intern
Artist(ar) 1. Michèle Arnaud
2. Michèle Arnaud
Song 1. «Ne crois pas»
2. «Les amants de minuit»
Språk 1. Fransk
2. Fransk
Låtskrivar(ar) 1. Christian Guitreau
2. Simone Laurencin og Jacques Lassry
Resultat
Finalepoeng 1. N/A
2. N/A
Finaleplass 1. N/A
2. N/A

Luxembourg, offisielt Luxembourg, debuterte i Eurovision Song Contest 1956 i Lugano i Sveits 24. mai 1956 med dei franskspråklege songane «Ne crois pas» og «Les amants de minuit», båe framførd av Michèle Arnaud. Det vart ikkje arrangert nokon nasjonal uttaking i Luxembourg, og bidraga vart dimed valt internt av kringkastaren Télé-Luxembourg. Kvart land deltok med to bidrag kvar, og det er ikkje kjend kva for poengsum eller plassering dei fekk. Av di røystegjevinga aldri vart offentleggjort kunngjorde ganske enkelt ein talsperson at Sveits hadde vunne. Vinnaren vart kåra av ein jury beståande av to delegatar frå alle deltakarlanda, med unntak av Luxembourg, som lét delegatane frå Sveits røyste for seg. Ein kunne òg røyste på sitt eige land.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]