Luxury Liner av Emmylou Harris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Luxury Liner
Studioalbum av Emmylou Harris
Språk engelsk
Utgjeve 28. desember 1976[1]
Studio Enactron Truck i Los Angeles i California
Sjanger Country
Lengd 38:56
Selskap Warner Bros. Nashville
Produsent Brian Ahern
Emmylou Harris-kronologi 
Elite Hotel
(1975)
Luxury Liner Quarter Moon in a Ten Cent Town
(1978)


Singlar frå Luxury Liner
  1. «You Never Can Tell (C'est La Vie)»
    Utgjeve: 2. februar 1977
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars [2]
Christgau's Record GuideB[3]
The Guardian3/5 stars[4]

Luxury Liner er det fjerde studioalbumet til den USA-amerikanske countryartisten Emmylou Harris, gjeve ut i 1976. Albumet var det andre albumet hennar som nådde toppen av countrylista til Billboard-lista i USA, sjølv om det i motsetnad til det føregåande Elite Hotel, ikkje hadde hittar som nådde toppen av lista. Singelen som nådde høgast på lista var Chuck Berry-songen «(You Never Can Tell) C'est la Vie» på sjetteplassen og «Making Believe» (opphavleg ein hit for Kitty Wells) på åttandeplassen. Albumet er kanskje meir kjend for den første coverversjonen av Townes Van Zandt-songen «Pancho and Lefty» frå 1972, som sidan vart den mest kjende songen til Van Zandt.

Luxury Liner er det bestseljande albumet til Emmylou Harris.[2] Allmusic skreiv «det er òg eit av dei mest engasjerande albuma hennar og bandet hennar Hot Band er i toppform. Songane er til og med meir spreidd utover enn vanleg.»[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Luxury Liner»Gram Parsons3:41
2.«Pancho and Lefty»Townes Van Zandt4:50
3.«Making Believe»Jimmy Work3:37
4.«You're Supposed to Be Feeling Good»Rodney Crowell4:01
5.«I'll Be Your San Antone Rose»Susanna Clark3:43
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«(You Never Can Tell) C'est la Vie»Chuck Berry3:27
7.«When I Stop Dreaming»Ira Louvin, Charlie Louvin3:15
8.«Hello Stranger» (with Nicolette Larson)A.P. Carter3:59
9.«She»Gram Parsons, Chris Ethridge3:15
10.«Tulsa Queen»Emmylou Harris, Rodney Crowell4:47
Bonusspor på 2004-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Me and Willie»Laurie Hyde-Smith5:16
12.«Night Flyer» (duett med Delia Bell)Johnny Mullins3:33

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk

  • Brian Ahern - produsent, lydteknikar
  • Donivan Cowart - lydteknikar
  • Bradley Hartman - lydteknikar
  • Stuart Taylor - lydteknikar
  • Miles Wilkinson - lydteknikar

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977) Plassering
U.S. Billboard Top Country Albums 1
U.S. Billboard 200 21
Canadian RPM Top Albums 40

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 2004 Warner Bros reissue - 'originally issued as Warner Bros #BS-2998/#BSK-3115(12/28/76'
  2. 2,0 2,1 2,2 Ankeny, Jason. Luxury Liner av Emmylou HarrisAllmusic
  3. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: H». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 24. februar 2019 – via robertchristgau.com. 
  4. Sweeting, Adam (9. april 2004). «Emmylou Harris, Luxury Liner». The Guardian. Henta 11. november 2020.