Luz Long
| Luz Long | |
| Statsborgarskap | Det tyske riket |
| Fødd | 27. april 1913 Leipzig |
| Død | 14. juli 1943 (30 år) Acate |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Sommar-OL 1936 |
Carl Ludwig Hermann Long, kjend som Luz Long, (27. april 1913–14. juli 1943) var ein tysk friidrettsutøvar frå Leipzig som utmerkte seg i lengdehopp. Han vann sølvmedaljen i øvinga under Sommar-OL 1936 og var europarekordhaldar i tjue år.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Long kom på bronseplassen i lengdehopp då den fyrste europameisterskapen i friidrett vart avvikla i Torino i 1934. Med eit hopp på 7,25 m enda han seks centimeter bak norske Otto Berg, Long sin landsmann Wilhelm Leichum vart europameister.
Under dei olympiske sommarleikane 1936 i Berlin la Long beslag på sølvmedaljen etter å ha sett europarekord med 7,87 meter. Jesse Owens frå USA vann tevlinga med 8,06 m. Etter medaljeseremonien på olympiastadion den 4. august gjekk Owens og Long hand i hand mot garderobane. Denne hendinga er grunnlag for fleire vandresegner om Long og hans tilhøve til Owens. Long vart elles nummer 10 i tresteghopp i Berlin-leikane.
Etter OL-finalen i Berlin skulle det gå nesten to år før nokon slo Long i tevling. I denne perioden, den 1. august 1937 i Berlin, forbetra han europarekorden til 7,90 meter, ein rekord som skulle stå til 1956. I EM i friidrett 1938 i Paris nådde Long 7,56 m og fekk, som fire år tidlegare, bronsemedaljen i lenge-tevlinga
Long var tysk meister i lengdehopp åra frå 1933 til 1939, bortsett frå då Wilheim Leichum sigra i 1935.
Long melde i 1937 seg inn SA, våren 1940 vart han innvilga medlemskap i NSDAP (medlemsnummer 8 051 702). Frå 1941 gjorde han teneste i Wehrmacht som obergefreiter. 10. juli 1943 vart han såra då allierte styrkar invaderte Sicilia. Fire dagar seinare døydde han på eit britisk-kontrollert sjukehus.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Luz Long» frå Wikipedia på tysk, den 14. juli 2026.