Lybidelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lybid
elv
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Nedslagsfelt 68 km²
Lengd 16 km
Munning Dnepr

Lybidelva
50°26′47″ N 30°24′37″ E
Wikimedia Commons: Lybid River

Lybid (ukrainsk Либідь) er ei lita elv i Kiev i Ukraina, ei høgre sideelv til Dnepr, og renn like vest for det historiske senteret av Kiev. Lybid har spelt ei viktig rolle i forminga av det urbane landskapet i Kiev og vorte nytta i dreneringssystemet til byen.

Det meste av elva renn i dag gjennom kulvertar. Lybid har òg fleire mindre sideelvar, mellom anna Khrestsjatykelva, som renn parallelt til den moderne hovudgata i Kiev, Khrestsjatyk, og renn ut i Lybid frå venstre.

Namnet på elva tyder svane og er eit vanleg austslavisk uttrykk for ei elegant kvinne som bevegar seg grasiøst.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]