Afrikaskjeggfuglfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lybiidae)
Hopp til navigering Hopp til søk
Afrikaskjeggfuglfamilien


Termittperleskjeggfugl Trachyphonus erythrocephalus Foto: Ikiwaner
Termittperleskjeggfugl
Trachyphonus erythrocephalus
Foto: Ikiwaner
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Piciformes
Familie: Lybiidae
Slekter
  • Sjå teksten
  • Afrikaskjeggfuglfamilien, Lybiidae, er ein fuglefamilie som samlar skjeggfuglar i Afrika. Dei var tidlegare sameint med sine amerikanske og asiatiske slektningar i Capitonidae i ganske lang tid.[1] Det er i alt 42 artar av afrikaskjeggfuglar, inkludert 6 koparslagarar, slekta Pogoniulus. Dei finst i heile Afrika sør for Sahara, med unntak av lengst sørvest i Sør-Afrika.

    Skildring og økologi[endre | endre wikiteksten]

    Dei er vanlegvis 20-25 cm lange, fyldige utsjånad, med store hovud, og det tunge nebbet har taggete kant. Koparslagarar er mindre, ned til raudgumpkoparslagar, Pogoniulus atroflavus på berre 7 gram og 9 cm i lengd.

    Dette er hovudsakleg einslege fuglar, beitar på insekt og frukt.

    Detaljar omkring hekkevanar til afrikaskjeggfuglar er enno ikkje kjente. Reiret er i regelen bygd i hekkar i hòl i trestammar, men ulikt Piciformes flest, hekkar nokre sosiale artar ved elvebredder eller i termittuer. Vanlegvis legg dei mellom 2 og 4 egg , eit unntak er sahelperleskjeggfugl som legg opp til 6. Egga blir ruga i 13-15 dagar. Oppgåvene ved hekking blir delt mellom begge foreldra.

    Det har vore generelt lite kontakt mellom Lybiidae-artar og menneske. Nokre av artane som krev primærskog har no nedgang i bestanden på grunn av avskoging, nokre gongar til fordel for nære slektningar. Tapet av høglandsskogane i Kenya, til dømes, førte med seg at grønkoparslagar nesten forsvann medan raudpannekoparslagar utvida utbreiinga si.

    Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

    Slektene i Lybiidae var tidlegare ofte med i ein parafyletisk familie Capitonidae av alle verdas skjeggfuglar, men nyleg vanlegvis rekna som sin eigen familie Lybiidae avgrensa til skjeggfuglar i Afrika.

    Artslista[endre | endre wikiteksten]

    Topperleskjeggfugl, Trachyphonus vaillantii
    Foto: Jenny Varley
    Kvitbrynskjeggfugl, Stactolaema leucotis
    Foto: Dick Daniels

    Afrikaskjeggfuglar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

    Slekt Trachyphonus

    Slekt Gymnobucco

    Slekt Stactolaema

    Slekt Pogoniulus

    Slekt Buccanodon

    • Skjelskjeggfugl, Buccanodon duchaillui, Yellow-spotted Barbet, Cassin, 1855, (LC)

    Slekt Tricholaema

    • Hårbrystskjeggfugl, Tricholaema hirsuta, Hairy-breasted Barbet, Swainson, 1821, (LC)
    • Diademskjeggfugl, Tricholaema diademata, Red-fronted Barbet, Heuglin, 1861, (LC)
    • Miomboskjeggfugl, Tricholaema frontata, Miombo Barbet, Cabanis, 1880, (LC)
    • Akasieskjeggfugl, Tricholaema leucomelas, Pied Barbet, Boddaert, 1783, (LC)
    • Tåreskjeggfugl, Tricholaema lacrymosa, Spot-flanked Barbet, Cabanis, 1878, (LC)
    • Krattskjeggfugl, Tricholaema melanocephala, Black-throated Barbet, Cretzschmar, 1829, (LC)

    Slekt Lybius

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar[endre | endre wikiteksten]

    1. Short, L.L.; Horne, J.F.M. (2002). «Family Capitonidae (Barbets)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D. Jacamars to woodpeckers. Handbook of the Birds of the World. Band 7. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 84-87334-37-7. 
    2. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
    3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Afrikaskjeggfuglfamilien