Lycksele kommun
| Lycksele kommun | |||
| kommune | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Len | Västerbottens län | ||
| Landskap | Lappland | ||
| Areal | 5 888,93 km² | ||
| • land | 5 518,49 km² | ||
| • vatn | 370,44 km² | ||
| Folketal | 12 368[1] (2011) | ||
![]() Lycksele kommun 64°36′00″N 18°40′00″E / 64.6°N 18.666666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Lycksele Municipality | |||
Lycksele kommune ligg på svenske länet Västerbottens län i landskapet Lappland i landsdelen Norrland. Administrasjonssenteret i kommunen ligg i Lycksele. Kommunen grensar til nabokommunane Storuman, Malå, Bjurholm, Norsjö, Sorsele, Vilhelmina og Vindeln.

Samisk språk
[endre | endre wikiteksten]Samisk har status som offisielt minoritetsspråk i kommunen[2] og Lycksele kommune inngår i forvaltningsområdet for samisk språk i Sverige. Sveriges første sameskule vart grunnlagt i Lycksele i 1632, og frå gammalt av har Lycksele vore eit knutepunkt for den sørlege delen av Lappland med årlege marknader.[3]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Lycksele kommune ligg midt i eit skoglandskap, og gjennom kommunen, og tettstaden, renn Ume älv, eit av dei mektigaste vassdraga i Sverige.
E12 går gjennom kommunen. Lycksele har samband til det svenske jernbanenettet gjennom jernbanelinja mellom Storuman og Hällnäs. Lycksele lufthamn har daglege ruter til Stockholm Arlanda.
Tettstader
[endre | endre wikiteksten]Lycksele kommune hadde to tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.
| # | Tettstad | Innbyggjarar |
|---|---|---|
| 1. | Lycksele | 8 597 |
| 2. | Kristineberg | 331 |
Mindre stader i Lycksele
[endre | endre wikiteksten]Venskapskommunar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lycksele kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Besøkt 7. januar 2012.
- ↑ Det svenske Språkrådets hjemmesider, om minoritetsspråk
- ↑ Artikkel om Lycksele i snl.no

