Lyder Nicolaysen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lyder Nicolaysen
Fødd 3. mai 1794
Bergen
Død

1. august 1876

Yrke kjøpmann, politikar

Lyder Wentzel Nicolaysen (3. mai 17941. august 1876) var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Bergen. Han var far til Nicolay Nicolaysen.

Nicolaysen var son til ein kjøpmann og var sjølv kjøpmann i heimbyen frå 1818. I tida 1836-54 var han medeigar i firmaet N. Nicolaysen & Co. og børskommissær.

Nicolaysen møtte på Stortinget både i 1830, 1839 og 1845 som vald representant frå Bergen. Dessutan deltok han på Stortinget 1836 og Omframtstortinget 1836-37 som fyrste varamann. Han var medlem 1830 og 1836 i Bankkomiteen. Elles var han i 1830 medlem av «komiteen om de finmarkske forhold», 1836 sekretær i komiteen om brannvesenet i byane og medlem av Gasjekomiteen og i komiteen om flagget. På stortinga 1839 og 1845 hadde han plass i Budsjettkomiteen.

Nicolaysen var frå 1838 med i det fyrste bystyret i Bergen, og vart verande bystyremedlem til 1847. Frå 1842 var han styremedlem i Noregs Bank si Bergens-avdeling i 28 år. I 1843 var han medlem i ein departemental komite som såg på vrakarvesenet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]