Lydinfrastruktur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Generisk alydinfrastruktur.

Lydinfrastruktur er eit samleomgrep som syner til programkode som realiserer funsksjonalitet for handsaming av digtal lyd i datamaskinar. Denne infrastrukturen femnar om lågnivåmodular som drivarar, lydmiksar/tenarar og grensesnitt mellom desse. Brukarprogram, som lydavspelarar, lydarbeidsstasjonar, syntisiserar og så vidare, har ulik funksjonalitet og vert ikkje rekna som infrastruktur. Lydinfrastrukturen er med andre ord programvara som ligg under brukarprogramma og som utfører oppgåver for brukarprogram, koordinerer I/O til frå lydkort og så vidare.

Audio-infrastrukturen utfører dei same oppgåvene uavhengig av kva brukarprogram som køyrer. Ved å plassera felles kode i eigne modular treng ein ikkje å inkludera denne koden i alle brukarprogramma. Dette sparar arbeid og gjer det lettare å utvikla nye brukarprogram. Denne infrastrukturen tek seg òg av oppgåver som synkronisering og gjer at ulike brukarprogram kan samarbeida.

Audio-infrastrukturen er realisert noko forskjellig i dei ulike operativsystema og meir detaljert informasjon er plassert i eigne artiklar for kvart operativsystem: