Onomatopoetikon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lydord)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kva ein hane seier, er ikkje det same på alle språk.

Onomatopoetikon, onomatopoetikum, eller lydord, er slike ord og nemningar i språket som hermer naturlege lydar for å fortelje kva det gjeld. Onomatopoetikon er til dømes slike verb som suse, visle, dundre, substantiv som brak, dunder, visling, pling, ding-dang, og slike som gjev att dyre- og fuglelydar, som til dømes gakk, , mjau, vov. Nemninga for fuglen kråke er likeeins eit onomatopoetikon ved beinveges å herme den lyden fuglen har: «kra-kra».

Interessant er det at dyrelydar vert attgjevne på ulikt vis i ulike språk, slik at til dømes eit hanegal, som på norsk vert attgjeve med kykkeli-ky, heiter noko anna på fransk: cocorico.