Lydsystem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit lydsystem er settet av språklydar som eit einskilt språk utnyttar. Det kan i stor grad karakteriserast som eit system, det vil seie ei «gruppe av mindre einingar som lagar ein samordna eller samverkande heilskap».[1] Ein skil mellom anna mellom konsonantsystem (eller konsonantfonemsystem), vokalsystem (eller vokalfonemsystem) og tonemsystem.

Når til dømes konsonantfonema i eit språk blir kalla eit system – og ikkje berre eit inventar – er det nettopp fordi fonema står i særskilde relasjonar til kvarandre. Det kan illustrerast med konsonantsystemet nedanfor, som er vanleg på Søraustlandet:

Konsonantfonem i søraustlandsk
labial laminal apikal dorsal laryngal
ustemd plosiv p t ʈ k
stemd plosiv b d ɖ g
nasal m n ɳ ŋ
frikativ f s ʃ ç h
approksimant ʋ l ɭ j
flikk r
flapp ɽ

Legg særskilt merke til dei tjue fonema på grøn bakgrunn:

  • Det er fem labiale konsonantar, fem laminale, fem apikale og fem dorsale. Dei fem laminale er skilde frå kvarandre på same måte som dei fem laminale, apikale og dorsale:
  • På kvar artikulasjonsstad er det ein ustemd plosiv, ein stemd plosiv, ein nasalm ein frikativ og ein approksimant.

Dette inneber at systemet er symmetrisk og økonomisk:

  • Dei tjue konsonantane er skilde frå kvarandre med eit minimalt tal med distinktive trekk, som blir nytta om att over heile systemet:
  • Trekk for artilusjonsstader: labial, laminal, apikal, dorsal.
  • Trekk for artikulasjonsmåtar: plosiv, nasal, frikativ, approksimant.
  • Trekk for fonasjon: ustemd, stemd.

Det er mogeleg å skilje endå fleire fonem frå kvarandre med desse distinktive trekka, sidan skiljet mellom ustemd og stemd berre er distinktivt ved plosivane, men det er ikkje tilfeldig kvar fonasjonstrekka er utnytta. Her er nokre sterke tendensar i språka i verda:

  • Skiljet mellom ustemd og stemd er sjeldan distinktivt ved frikativar utan at det òg er distinktivt ved plosivar, men ikkje omvendt.
  • Skiljet mellom ustemd og stemd er sjeldan distinktivt ved nasalar utan at det òg er distinktivt ved plosivar og frikativar, men ikkje omvendt.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «system» i Nynorskordboka.