Lygra kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°41′19″N 5°7′9″E

Lygra kyrkje
Lygra kyrkje
none
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Nordhordland
Sokn Lygra
Fellesråd Lindås
Type Langkyrkje
Arkitekt Petter Gabrielsen Spjutø[1]
Material Tre
Innvigd 1892[1]
Kyrkjegard Ved kyrkja
Altartavle Triptyk frå 1690–92
Wikimedia Commons: Lygra kyrkje

Lygra kyrkje står på øya Lygra i Lindås kommune i Hordaland fylke, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1892. Kyrkja er teikna av Petter Gabrielsen Spjutø.

Lygra kyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til Lygra kyrkje

Det har vore kyrkje på Lygra sidan mellomalderen, og det har vore minst tre kyrkjebygg der før den noverande kyrkja. Fyrste gongen ein finn Lygra nemd som kyrkjestad er i eit diplom frå 1321. Mellomalderkyrkja, som mest truleg var ei stavkyrkje, vart avløyst av ei tømmerkyrkje på 1600-talet. 1600-talskyrkja skal ha brunne i 1772, og det vart bygd ei ny kyrkje til å erstatte henne. Denne kyrkja stod til 1892 då ho måtte vike plassen for den noverande kyrkja.

Lygra kyrkje er soknekyrkje i Lygra sokn i Nordhordland prosti. I mellomalderen var soknet eit anneks under Lindås. Soknet var overførd frå Lindås prestegjeld til Alversund prestegjeld i 1975 fram til prestegjeldsordninga vart nedlagt i 2004.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]