Lyin' Eyes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lyin' Eyes
Singel av Eagles
frå albumet One of These Nights
B-side

«Too Many Hands»

Utgjeve 7. september 1975
Innspelt Januar 1975, Hollywood, California
Sjanger Countryrock,[1] folkrock[2]
Lengd 4:14 (singel), 6:22 (album)
Selskap Asylum
Komponist Don Henley
Låtskrivar(ar) Don Henley, Glenn Frey
Produsent Bill Szymczyk
Eagles-kronologi 
«One of These Nights»
(1975)
Lyin' Eyes «Take It to the Limit»
(1975)


«Lyin' Eyes» er ein song skriven av Don Henley og Glenn Frey og spelt inn i 1975 av det amerikanske rockebandet Eagles, med Frey på solovokal. Han var den andre singelen frå albumet One of These Nights og nådde andreplassen på Billboard Hot 100 og åttandeplassen på US Country-lista. Det var den einaste songen deira på Topp 40 på countrylista fram til «How Long» i 2007–2008.

Med denne songen vann dei Grammy-prisen for årets beste popsong av ei gruppe, og songen vart òg nominert til årets singel.

Variasjonar og historie[endre | endre wikiteksten]

Singelversjonen av songen er korta ned ein del frå albumversjonen, og heile det andre verset, det andre refrenget og fire linjer frå midten av det tredje verset er fjerna. Populære radiostasjonar i 1975 spelte vanlegvis ikkje songar som var lengre enn fire minuttar, så lengda stod oppført som 3:58, sjølv om han i røynda var 4:14.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Fleire andre artistar har spelt inn «Lyin' Eyes» som Lynn Anderson i 1976 og Kenny Rankin i 1980 på After The Roses. Diamond Rio spelte òg songen i 1993 på samlealbumet Common Thread: The Songs of the Eagles. Dolly Parton har lenge omtalt songen som ein av sine personlege favorittar. Ho framførte songen i 1975 på showet sitt Dolly!

«Lyin' Eyes» vert nytta i filmen Urban Cowboy.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 2
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 3
U.S. Billboard Hot Country Singles 8
Canadian RPM Top Singles 19
Canadian RPM Adult Contemporary Tracks 4
Canadian RPM Country Tracks 20
U.K. Singles Chart 23

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eagles - Hell Freezes Over CD liner notes by Sal Manna
  2. http://www.allmusic.com/album/one-of-these-nights-mw0000189767

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]