Lyle Ritz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lyle Ritz
Fødd10. januar 1930(1930-01-10)
FødestadCleveland i Ohio i USA
Død3. mars 2017 (87 år)
DødsstadPortland i Oregon i USA
FødenamnLyle Joseph Ritz
OpphavUSA
Aktiv1957–2017
SjangerJazz, blues, rock, hawaiimusikk
InstrumentUkulele, kontrabass, bassgitar
Tilknytte artistarThe Wrecking Crew, Herb Alpert, Beach Boys, Herb Ohta
PlateselskapVerve
Verka somstudiomusiker, musikar

Lyle Joseph Ritz (10. januar 19303. mars 2017) var ein USA-amerikansk musikar, kjend for å spele ukulele og bass (både kontrabass og bassgitar). Tidleg i karrieren spelte han jazz som ukulelespelar i musikkmiljøet på Hawaii i 1950-åra. I 1960-åra hadde han byrja å arbeide som studiomusikar, som regel då på bass. Han vart etter kvart ein del av gruppa av studiomusikarar i Los Angeles kalla The Wrecking Crew. Ritz bidrog på mange pophittar i USA frå 1960- til 1980-åra.

Ritz spelte mellom anna på Herb Alpert sin «A Taste of Honey», The Righteous Brothers sin «You've Lost That Lovin' Feelin'» og The Beach Boys sin «Good Vibrations». Andre kjende artistar han spelte for var mellom andre Sonny & Cher, The Monkees, Herb Ohta, Dean Martin og Linda Ronstadt. Han spelte òg bass på musikk til fjernsynsseriar som The Rockford Files, Name That Tune og Kojak.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • How About Uke? (Verve, 1958)
  • 50th State Jazz (Verve, 1959)
  • Time (Roy Sakuma, 1995)
  • A Night of Ukulele Jazz (Flea Market Music 2001)
  • Ukulele Duo (JVC, 2001)
  • No Frills (Flea Market Music, 2006)

Som sidemann[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]