Lyngør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°38′25.34″N 9°08′10.22″E

Lyngør
Holmen og Odden har vegsamband over ei bru over eit grunt sund.

Lyngør er ei gamal uthamn (lita hamn i den ytre skjærgarden) og ein tettbygd liten stad på fleire øyar i Tvedestrand kommune i Aust-Agder fylke, om lag midtvegs mellom byane Risør og Tvedestrand. Dei øyane i Lyngør som det bur folk på, har namna Holmen, Odden, Lyngøya, Steinsøya og Askerøya. Vegane på øyane er oppmurte gangvegar utan biltrafikk av noko slag. Det greiaste viset å kome seg til Lyngør på, er med båtskyss frå Gjeving på den andre sida av fjorden, der det er parkeringsplass.

For det meste vert husa i Lyngør no nytta som fritidsbustader. Det er berre om lag åtti som bur fast her, og mange av dei er knytt til små, lokale verksemder, mellom anna ein seglmakarverksemd. Om sommaren er det eit yrande liv i Lyngør.

Lyngørsundet er kjent for at det i 1812 stod eit dramatisk sjøslag her under Napoleonskrigen, slaget ved Lyngør, då britiske marinefartøy senka den dansk-norske fregatten «Najaden». Vraket av «Najaden» vart funne i sundet i 1957. Kvar olsok vert slaget minnast med eit såkalla «putteslag».

På ei øy i nærleiken av Lyngør ligg Lyngør fyr.