Lynge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lynge
stad
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Ørsta
Postnummer 6174 BARSTADVIK
Gardnummer 92

Lynge er ein matrikkelgard, gardsnummer 92, i Ørsta kommune. Garden er den vestlegaste i bygda Barstadvik. Han grensar mot Barstad i nord og aust. I vest grensar han mot den einbølte garden Rotnes, som ligg to kilometer unna og ute or syne.

Utgravingar på ein reine opp for Vartdalsfjorden viser her har vore busetnad sidan 12-1500 år tilbake. Allereie fyrste utgravinga 1880 fann mange leivningar frå tidleg historisk tid. Seinare utgravingar har avdekt strukturar frå nordisk oldtid.

Lynge hadde to brukarar i 1520. I 1603 var ein tredje komen til. Fjerde bruket på garden kom i 1801. Garden hadde vide utslåttar, særleg i sørvest mot Rotnes.

Sundag 7. februar 1858 brann nesten alle husa på Lynge ned. Berre ei løe som stod litt vekk frå dei andre husa i klyngjetunet gjekk klar. Alt folket berga seg, nokre av husdyra branne inne. Brannen var påsett av ei tenestjente. Sommaren 1858 bygde brukarane seg nye hus på tufter noko nærare fjellfoten.

Barstadvik skule ligg på Lynge, nær opp mot bytelina til Barstad. Frå 1973 vart det opparbeidd eit bustadfelt vest for gardane på Lynge. Om lag 24 hus er bygt i bustadfeltet.

Folketal:[endre | endre wikiteksten]

  • 1801: 16 personar – (3 heimar)
  • 1865: 24 personar – (4 heimar)
  • 1900: 23 personar – (4 heimar)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Buset, Johannes: Vartdalssoga. Første bandet. 1964
  • Grøvik, Ivar: Vartdalssoga. II. 1983
  • Folketeljingar for 1801, 1865 og 1900