Lyngfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lyngfamilien


Loiseleuria procumbens
Loiseleuria procumbens

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Familie: Lyngfamilien Ericaceae

Lyngfamilien (Ericaceae) er ein familie dekkfrøplantar. Han er svært utbreidd i kalde strøk, og plantane er vedaktige og robuste.

Med kreklingfamilien (Empetraceae) og vintergrønfamilien (Pyrolaceae) omfattar lyngfamilien drygt 100 planteslekter. Krekling- og vintergrønfamilien var sjølvstendige familiar i Cronquist-systemet, men dette blei ikkje vidareført i APG II-systemet etter nærare studium. Derimot opererer mange forskarar enno med desse to familiane, eventuelt som underfamiliar.[1]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

I slekta Vaccinium finst etande bær som blåbær, tyttebær og tranebær. Nokre artar i lyngfamilien blir brukt i blomsterdekorasjonar, til dømes slekta Erica. Slekta Rhododendron omfattar mange prydbuskar og potteplanter (asalea).

Lyngplantar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Dei mest kjende lyngartane i Noreg er røsslyng, blåbær, tyttebær, blokkebær, klokkelyng, krekling, mjølbær og tranebær.

Slekter[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lyngfamilien


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Blant dei er: Lennart Stenberg, Bo Mossberg (norsk red. Steinar Moen), Gyldendals Store nordiske flora, 2005, Oslo 2007, side 450-460.