Lynghei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Røsslyngen kan dominere vegetasjonen i lyngheiområde

Lynghei er ein biotop med låg, treaktige vegetasjon, som lyng, som regel i næringsfattig, surt jordsmonn.

Lyngheilandskapet er eit kulturlandskap som før var utbredt langs kysten frå Lofoten i nord til Portugal i sør. Noko finst framleis, men landbruksomlegging og til dels turisme med hyttebygging har gjort at det berre er små flekkar igjen. Lyngheisenteret på Lygra i Hordaland er etablert for å ta vare på mest mogeleg av det gamle.

Lyngheier i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg finn ein hovudsakleg lyngheier på Vestlandet og nordover langs kysten. Det består av grasbeite mellom knauser, med større og mindre område der lyngen veks. Fjellgrunnen er stort sett gneis og granitt, som gjev lite mineral til jorda. Jordsmonnet er tynt og vegetasjonen er prega av det, med hardføre vekster som nyttar lite næring og toler både periodar med regn og langvarig tørke.

Etter at geitehaldet byrja å gå ned, ser ein at einer trugar med å ta overhand. Sauen et mykje, men ikkje einerspirer. Både lyng og einer vart i gamle dagar haldne i sjakk ved at ein sette fyr på større område om våren før dei nye grasspirene var komne opp av jorda. Gjødslinga tok dyra seg av.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]