Lyngheisenteret

Koordinatar: 60°41′40″N 5°6′26″E / 60.69444°N 5.10722°E / 60.69444; 5.10722
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°41′40″N 5°6′26″E / 60.69444°N 5.10722°E / 60.69444; 5.10722

Informasjonsbygningen på Lyngheisenteret på Lygra

Lyngheisenteret er eit museum på øya Lygra i Alver kommune i Vestland som tek vare på og held i hevd eit gamalt lyngheilandskap. Museet vert drive som ein gard med utgangarsau og lyngbrenning i tillegg til museumsdrifta. Eit informasjonssenter med restaurant, auditorium og permanent utstilling vart opna i 2000.

Bakgrunnen for lyngheisenteret[endre | endre wikiteksten]

Senteret vart til som følgje av Lindåsprosjektet i 1970-åra, eit tverrfagleg forskingsprosjekt i regi av Botanisk institutt ved Universitetet i Bergen med føremål å undersøke lyngheilandskapet i Nordhordland, særleg i kommunane Lindås og Austrheim, for særleg finne ut om lyngheilandskapa eigenleg var skapte ved menneskeleg aktivitet i gamal tid,ikkje eit resultat klimatiske endringar. Ein kom fram til at skogen hadde vore fjerna av menneske i gamal tid for å skape beiteland for husdyr, og at det opne lyngheilandkapet som oppstod, deretter hadde vore halde i hevd som beiteland ved stendig nedbrenning av lyngen. Lyngheilandskapa som før hadde kjenneteikna så mykje av kystområda i Vest-Europa, er såleis mest truleg eit resultat av slik menneskeleg aktivitet.

Lyngheisenteret vart skipa i 1999 av Universitetet i Bergen, Hordaland fylkeskommune, Lindås kommune, og Regionrådet i Nordhordland og Gulen i samarbeid med grunneigarane på Lygra. I 2001 fekk Lyngheisenteret UNESCO sin globale kulturlandskapspris, etterfølgd av Europa Nostra sin kulturlandskapspris i 2005.

Lyngheiane er opne for turgåarar heile året gjennom, medan sjølve museet, informasjonsbygget, er berre ope i sumarhalvåret.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]