Lyngholmfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Lyngholmfjorden er ein fjord i Fosnes og Namsos kommune i Trøndelag. Han ligg på søraustsida av øya Jøa mellom fjordane Seierstadfjorden i nord, Lauvøyfjorden i sør og Raudsunda i vest.

Fjorden har ei lengd på om lag 2,5 km og startar i nord ved Vedøya. I sør endar han ved Lyngholmen som ligg midt i fjorden.

Koordinatar: 64°34′24.640″N 11°20′6.5184″E