Lyngværfjorden i Sømna

Koordinatar: 65°14′25″N 12°02′23″E / 65.24028°N 12.03972°E / 65.24028; 12.03972
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

65°14′25″N 12°02′23″E / 65.24028°N 12.03972°E / 65.24028; 12.03972 Lyngværfjorden er ein fjord i Sømna kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 11 km nordover frå Vennesund i sør til Vik i Sømna i nord.

Fjorden ligg på austsida av Kvaløya, Vågøya og Lyngværet, som han er kalla opp etter. Vest for desse øyane ligg Melsteinfjorden. Den nordlegaste delen av fjorden, utanfor Vik, vert kalla Vikvågen.

Fylkesveg 17 går på austsida av fjorden.