Lynn Davies

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lynn Davies
Lynn Davies 1964.jpg
Lynn Davies under Sommar-OL 1964
Fødd 20. mai 1942
Nantymoel
Lynn Davies på Commons

Lynn Davies (fødd 20. mai 1942) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå landsbyen Nantypoel i Wales. Han vart olympisk meister i lengdehopp i 1964 og europameister i same øvinga i 1966.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Etter at amerikaneren Ralph Boston i 1960 hadde slått den 25 år gamle verdensrekorden til Jesse Owens, forbetra Boston og europameisteren Igor Ter-Ovanesjan verdsrekorden til saman fem gongar dei neste sesongane. Dei to utøvarane var difor dei største favorittane til å ta gullmedaljen under OL 1964 i Tokyo.

På finaledagen regna det i Tokyo og ingen av favorittane hoppa opp mot sine personlege rekordar. Dermed gjekk gullet til 22 år gamle Lynn Davies, som sette ny britisk rekord med gullhoppet på 8,07 m. Boston tok sølv og Ter-Ovanesjan bronse. Det var andre gongen i OL-historia at gullmedaljen i lengdehopp ikkje gjekk til ein utøvar frå USA. Førre gong det hende var under OL 1920, då svensken William Pettersson vart olympisk meister.

To år etter OL-triumfen tok Davies gullmedaljen under EM 1966 i Budapest. Seinare fekk han sølv under EM 1969 i Athen. Han vann elles Samveldeleikane både i 1966 og 1970.

I alt sette Davies seks britiske rekordar, det lengste hoppet hans, i Bern i 1968, målte 8,23 meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]