Lyre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kvinne som poserer som ei sirene med ei lyre i 1913.

Lyre er eit strengeinstrument, sterkt knytt til den klassiske antikken, då lyrikk (latin for lyrespel) var tekst opplesen og akkompagnert av lyrespel. Opphavleg vart lyra spela med plekter (slik ein kan spele på gitaren), medan ein med den frie handa sørgde for at dei strengene ein ikkje ville spele på ikkje gav frå seg lyd. Instrumentet vart brukt i Nord-Europa i vikingtida og tidlegare, mange germanske og keltiske folk brukte det.