Lysalv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein lysalv (av engelsk elves, som står for Emissions of Light and Very Low Frequency Perturbations from Electromagnetic Pulse Sources) er eit lysfenomen som opptrer i samband med lynutladingar over toreskyer. Dei viser seg som store lysplater i ei høgd på mellom 70 og 100 km opp i lufta og varerer berre vanlegvis eit millisekund. Ein er ikkje heilt sikker på fargen på dei, men trur dei kan vere grønfarga eller ha ein svak raudfarge. Truleg kjem dei av intense elektromagnetiske pulsar, radiobølgjer, som forplantar seg opp gjennom ionosfæren i atmosfæren etter kraftige lynutladingar. Dei kan verte så store som heile 400 km i diameter, men er særs lyssvake, og kan derfor truleg ikkje oppdagast utan hjelpemidlar.

Lysalvar vart første gong oppdaga under ei romferd utanfor Fransk Guiana den 7. oktober 1990.

Sjå også: Lyn i den øvre atmosfæren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Lysalv» i Store norske leksikon, snl.no.