Lysebotn kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lysebotn kraftverk
Lysefjorden - View from Lysebotn.JPG
Ved vegen utover langs fjorden
Tekniske data
Plassering Forsand kommune, Rogaland fylke
Eigar Lyse Energi
Etableringsår 1953
Fallhøgde 610 m
Aggregat Peltonturbin
Installasjon 210 MW
Årsproduksjon 1194 GWh

Lysebotn kraftverk er eit vasskraftverk ved Lysebotn i enden av Lysefjorden i Ryfylke. Delar av magasina og nedbørsfeltet ligg i Hjelmeland kommune.

Kraftverket utnyttar eit fall på 610 meter frå inntaksmagasinet Storatjødna til Lysefjorden. Magasina for kraftverket er elles: Strandavatnet, med regulering mellom 619 og 635 moh, Breidavatnet, med regulering mellom 683 og 658 moh, Nilsebuvatnet, med regulering mellom 731 og 717 moh, og Lyngsvatnet, med regulering mellom 686 og 636 moh. Det blir òg overført vatn frå ei rekke bekkeinntak.

Kraftverket starta produksjonen i 1953 og blei utvida i 1964. Lyse Energi har fått konsesjon til å bygga eit nytt kraftverk i Lysebotn, som erstatning for det gamle. Det nye kraftverket vil henta vatn direkte frå Lyngsvatnet, og produksjonen vil då auka med 160 GWh.

Meldt årsproduksjon i dag er på 1194 GWh. Installert effekt er 210 MW. Det er installert peltonturbinar.

Kraftverket er eigd av Lyse Energi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]