Lysefjorden i Hordaland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Lysefjorden med Lysøen til venstre (vest)

Lysefjorden er ein sidefjord til Korsfjorden i kommunane Bergen og Os i Hordaland. Han er ei fortsetjing av Korsfjorden som strekkjer seg 6 km austover mot Djupvik. Breidda er 2-3 km. Fjorden er kalla opp etter Lyse kloster, som ligg 1,5 km lenger aust.

Fjorden har innløp mellom Korsneset i nord og øya Skorpo i sør. Den indre delen av fjorden har over ti større holmar og småøyar. Den største av desse er Lysøen, der Ole Bull bygde det kjende huset sitt.