Lysekloster kapell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°13′31.775″N 5°23′56.738″E

Lysekloster kapell
kyrkje
Lysekloster kapell.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bjørnafjorden
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Fana
Type Langkyrkje
Material Tre
Innvigd 1663
 - Endringar Rest. 1763

Lysekloster kapell
60°13′32″ N 5°23′57″ E
Wikimedia Commons: Lysekloster kapell
Lysekloster på eit litografi etter Joachim Frich gjeve ut i Christian Tønsberg sitt verk Norge fremstillet i Tegninger i 1848.
Interiør
Altartavle

Lysekloster kapell er ei langkyrkje som ligg om lag 300 meter frå ruinane av Lyse kloster, i Lysefjorden i Bjørnafjorden kommune i Vestland fylke. Kapellet vart bygd av Lyseklostergodset sin første private eigar, stiftsskrivar Nils Hanssønn Smidt, og vigsla av biskop Jens Skjelderup i samband med Mikkelsmesse i 1663. Kyrkja er i privat eige under Lysekloster hovudgard og vart bygd i samband med innflytting på denne. Kapellet har ein rikt utforma preikestol, svært lik den ein finn i Os kyrkje. Kapellet har bevart ei rekkje eldre skattar, t.d. ein altarkalk frå 1664, ein oblateske frå 1703, ei vannkanne frå 1700-talet, to store altarstakar frå 1696 og ein almissesamlar frå 1696.

Spiret på kyrkjetårnet har ei vindfløy med årstalet 1739. Kapellet har to kyrkjeklokker, ei skipsklokke merka «Ulanga» og ei stålklokke frå slutten av 1800-talet.

Kapellet har 100 sitjeplassar, men på grunn av begrensa oppvarming vert det brukt berre i sommarhalvåret i samband med skoleavslutningar, dåp og bryllaup. Kyrkjelyden i Os nyttar kapellet til gudstenester to gongar i året, andre pinsedag og ein søndag i august.

Altartavle[endre | endre wikiteksten]

Sentralmotivet i altartavla viser Kristus på krossen med Maria og Johannes. Nede ved ramma er to utskårne figurar som framstiller Maria med barnet og Johannes med kalk og bok, truleg sette inn sekundært. Frisa over storfeltet har innskrifta: «Til Guds Ære og Kirchens Prÿdelse». Altartavla har ein frittståande toppfigur som viser Sankt Mikael og draken eller (ein misforstått) Sankt Jørgen. Frisa på fotstykket har innskrifta: «Sl. Jacob Anderssøn, Anne Michels Datter 1703». Altartavla skal etter tradisjonen stamme frå St. Jørgen kyrkje i Bergen og ha kome til Lysekloster etter bybrannen i 1702. Lyseklostertavla har vorte samanlikna med altartavla i Urnes stavkyrkje, som vart kjøpt ein gong mellom 1696 og 1698.

Gravkapell[endre | endre wikiteksten]

I 1760 fekk Henrik Hanssøn Formann (1703–1773) bygd eit gravkapell på sørsida av kyrkja. I gravkapellet ligg 7 vaksenkister og 3 barnekister:

  • Henrik Hanssøn Formann (1703–1773).
  • Anna von Erpecom, dotter av kjøpmann Abraham von Erpecom i Bergen, gift med Henrik Hanssøn Formann (1730–1787).
  • Wilhelmine Formann (1768–1810). Dotter av Hans Henriksøn Formann, gift 1796 med sin tremenning Henrik Formann.
  • Henrik Henriksøn Formann (1758–1815). Gift med Wilhelmine Formann.
  • Kiste med initialane H F N og årstalet 1837.
  • Henrik Henriksøn Formann (1800–1876). Kisten har ei oval messingplate med innskrifta: «Henrik Henriksøn Formann, født paa Lysekloster Hovedgaard 17. December 1800, død i Bergen 23. November 1876».
  • Barnekiste med initialane I C H eller H F og årstalet 1799.
  • Barnekiste med initialane C F og årstalet 1800.
  • Lita barnekiste uten initialar og årstall.

Like vest for kyrkja er ein mindre gravstad omgjeven av ein rullesteinsmur med gravene til Georg von Erpecom sr. (1889–1958) og hustru Birgit von Erpecom (1890–1983).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]