Lysistrata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Aubrey Beardsleys ikoniske illustrasjonar til Lysistrata, 1896.

Lysistrata (attisk gresk: Λυσιστράτη, «Hær-oppløysing») er eit av dei bevarde skodespel som vart skrive av den attiske komedieforfattaren Aristofanes i antikkens Hellas. Blant hans andre kjende stykke er Skyene og Froskane. Lysistrata vart opphavleg oppført i antikkens Athen i år 411 f.Kr.

Det er ei komisk forteljing om den usedvanlege misjonen til ei kvinne for å få ein slutt på Peloponneskrigen. Denne krigen var samstundes med Aristofanes då han skreiv sin komedie. Kvinna Lysistrata overtalar andre greske kvinner til å nekta sina menn seksuell omgang ved å gå til «sexstreik» for å tvinga mennene i Athen og Sparta til forhandlingsbordet og sørgja for fred. Denne strategien sørgde derimot for å flamme opp ein strid mellom kjønna.

Skodespelet avslører dei seksuelle tilhøva i eit mannsdominert samfunn. Den dramatiske strukturen representerer ei endring frå konvensjonane i dei gamle komedie i Athen, ein tendens som er typisk for karrieren til denne forfattaren. Stykket vart produsert det same året som Thesmophoriazusae, eit anna stykke som fokuserte på kjønnsroller, berre to år etter Athens katastrofale nederlag i Den sicilianske ekspedisjon.

Lysistrata har vorte hyppig sett opp òg i moderne tid, blant anna på Nasjonalteateret i Oslo. Stykket er omsett til norsk av blant annan Bjørn Endreson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]